Hopp til innhold

Fleire går pilegrimsleia

Det er stor auke i talet på turistar som går pilegrimsleia gjennom Gudbrandsdalen. Tre unge tyskarar brukar sommaren på å gå frå Hamar til Trondheim.

Pilgrimar på veg til Nidaros

VANDRINGSMENN: Dei tre unge tyskarane Jonas Schomaker (t.v.), Hendrik Schomaker og Lennart Fischer brukar sommaren på å gå frå Hamar til Trondheim. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

Brørne Jonas og Hendrik Schomaker er på veg frå Hamar til Trondheim saman med kameraten Lennart Fischer. Dei tre unge menna frå tyske Lähden starta tirsdag frå Domkirkeodden i Hamar, og i morgontimane søndag la dei ut frå Lillehammer. Målet er å gå omlag 20 kilometer om dagen.

–Veret har vore dårleg, fortel Jonas Schomaker, så vi har ikkje fått gått så langt som vi ville dei første dagane. Vi blei gjennomvåte og måtte ta det litt med ro.

–Men no har vi håp om betre ver, skyt turkamerat Lennart Fischer inn.

Tredobling i talet på pilegrimar

Per Gunnar Hagelien er dagleg leiar ved pilegrimssenteret Dale-Gudbrands gard ved Hundorp i Gudbrandsdalen.

–Så langt i år har det vore knakande bra, seier han på spørsmål om korleis pilegrimstrafikken er i år.

Hagelien fortel at besøkstala er tredobla samanlikna med på same tid i fjor. Dette kjem på toppen av ei jevn årleg auke dei siste åra.

I dag er Hagelien saman med eit 20-tals pilegrimar på Skåden Gård i Øyer. Dette er ei av fleire organiserte grupper som i sommar går heile vegen frå Oslo til Trondheim.

Per Gunnar Hagelien

PILEGRIMSLEIAREN: Per Gunnar Hagelien er dagleg leiar ved pilegrimssenter Dale-Gudbrands gard.

Foto: privat

Ikkje alle er like førebudde

Dei fleste som går langs pilegrimsvegen i Gudbrandsdalen er innom pilegrimsenteret ved Hundorp. Hagelien fortel at det kjem vandrarar frå heile verda, men flest frå Tyskland og Nederland i tillegg til dei norske.

Men ikkje alle er like førebudde på turen over Dovrefjell.

–Sesongen i Noreg strekkjer seg frå juni til litt ut i september, og sjølv då kan det vere røft på fjellet. I år kom dei første pilegrimane alt i april og mai, og då var ikkje leia farbar. Så då måtte vi råde folk til å ta toget over fjellet frå Hjerkinn. Men så langt har det gått bra med alle, heldigvis, seier Per Gunnar Hagelien.

Gler seg til fest i Trondheim

Dei tre kameratane frå Tyskland gler seg til turen oppover Gudbrandsdalen. Dei fortel at dei ikkje er pilegrimar i religiøs forstand, berre glade i gå på tur. Dei skryt av det norske landskapet, og av den norske allemannsretten som gjev dei lov til å setje opp telt i utmark.

På spørsmål om kva det første dei skal gjere når dei kjem til Trondheim, er svaret klart:

–Då blir det fest!

Langs pilgrimsleden

OG DET ER LANGT Å GÅ: Dei tre unge tyskarane skal gå mil etter mil før dei etter planen kjem fram til Trondheim rundt den 25. juli.

Foto: arne sørenes / nrk

Flere saker fra Innlandet