Rundt 700 opplendingar og vel 600 hedmarkingar er medlemmar av Frimurerlosjen
Stortingsrepresentant Olemic Thommesen (H) frå Lillehammer er medlem av Frimurerlosjen.
- Viktig
Oversikta over alle medlemmane av Frimurerlosjen i Norge vart onsdag offentliggjort på Internettsida Magazinet.no.
Redaktør for internettsida Vebjørn K. Selbekk meiner det er viktig å avdekkje kven som er med i dette nettverket, slik at folk er merksame på kven som møtest bak lukka dører.
Sentrale politikarar
I Oppland er fleire sentrale politikarar medlem av Frimurerlosjen. Mellom desse er stortingsrepresentant frå Høgre, Olemic Thommesen frå Lillehammer og fylkesvaraordførar frå Høgre, Odd Foss.
Også ei rekkje lokalpolitikarar er med, mellom andre
Senterpartistane og formannskapsmedlemmane Arild Ødegaard i Vestre Toten, Bjarne Lome i Vestre Slidre og Haldor Braastad i Gjøvik