Hopp til innhold

Fem tilfelle av falske setlar i Innlandet denne veka

Sidan dei nye setlane kom har det vorte oppdag falske setlar fleire stader i Noreg. Noregs bank ber folk setja seg inn tryggleiksmerka på dei nye setlane.

Falsk seddel oppdaga på lillehammer 9. aug. 2017

FALSK: Denne setelen dukka opp hjå ein kiosk i Lillehammer sentrum denne veka.

Foto: Anna Kvarberg Ekre / NRK

I slutten av mai kom dei nye 100- og 200-kronersetlane. nye setlane. Sidan da har det vorte oppdaga falske setlar fleire stader i Oslo, Tønsberg-distriktet og Bergen.

Nå har det òg dukka opp falske setlar i Innlandet politidistrikt.

– Ein ser det på papirkvaliteten, mangel av sikkerheitselement og måten det er klipt på, forklarar politioverbetjent i Hamar, Rune Strand.

Bussjåførar oppdaga svindelen

Det har vore fire forskjellige hendingar i Hamar og Løten denne veka, der folk har betalt bussbillettar og drosjerekninga med falske 200-setlar. Det var sjåførane som oppdag forfalskingane.

– Vi ser at i tre av dei fire sakene er det same nummer på setelen, så vi knyter desse tre sakene saman, seier politioverbetjenten.

Politiet på Hamar har ingen mistenkte.

– Vi veit ikkje kven som har brukt setlane. Dette er nasjonalt anliggande og dette er sendt over til Kripos, fortel Strand.

Ser forfalsking som lettare nå

Onsdag vart det oppdaga ein falsk 200-lapp hjå ein kiosk i Lillehammer sentrum. Heller ikkje her er det nokon mistenkte.

Josten Gravdal ved etterforskingsseksjonen ved politihuset i Lillehammer trur freistinga rett og slett blir for stor for nokre.

– Desse setlane er jo nye for oss alle, dei ser annleis ut, så det kan hende at nokon ser sjansa for å lykkast med forfalsking som større nå, seier han.

Jostein Gravdal pengeforfalskning

IKKJE LOV: Josten Gravdal i politiet minner om at forfalsking av pengar er ei straffbar handling.

Foto: Anna Kvarberg Ekre / NRK

Samtidig minner han om at konsekvensane kan bli store.

– Straffeloven seier at pengefalsk straffast med bøter eller fengsel inntil tre år. Er det grov pengefalsk, altså eit betydeleg beløp og det er systematisk utført, er strafferamma faktisk på ti års fengsel.

Slik ser du om det er ein falsk setel

Ifylgje kommunikasjonssjef i Noregs Bank Andreas Andersen er sikkerheita vesentleg høgare med dei nye setlane, som har meir avansert sikkerheitselement.

– Det er viktig at ein sjekkar sikkerheitselementa i gamle som nye setlar. Gjer ein det skal det vere lett å skilje ein ekte frå forfalska setlar, seier han.

Det er fleire element ein kan sjekke for å sjå om setelen er ekte. Nede i venstre hjørne på setelen er det ein flytande ring og til høgre på setelen er det ein kjetting. Når ein bevegar på setelen ser det ut som desse elementa beveger på seg.

– Det tredje ein kan sjekke er eit vassmerke som blir synleg når ein held setelen mot lyset. I tillegg er det ein sikkerheitstråd, som er ein gjennomgåande mørk strek integrert i papiret, forklarar Andersen.

Nye sedler 2017

EKTE: Slik ser dei ekte 200-lappane ut. Om ein er usikker bør ein halde setelen opp mot lyset og bevege på den for å sjå sikkerheitselementa.

Foto: Norges Bank

Flere saker fra Innlandet