NRK Meny
Normal

Vasskaos i Åmot: Fleire var utan straum og drikkevatn

I Åmot i Østerdalen måtte dei stenge ein skule og ein barnehage. Flaumen gjorde òg store skadar på vegnettet, og mange i bygda var utan vatn.

Flaum: Hytta i Deset står framleis støtt, sjølv om vatnet har funne seg nye veigar

FLAUM: Hytta i Deset står framleis støtt, sjølv om vatnet har funne seg nye vegar

Foto: Per Magnussen / NRK

Bygda Deset har måtta stri med dei store vassmassane det siste døgnet. Fleire vegar har vore stengt. Vassforsyninga til bygda var øydelagt. Og det har vore problem med straum og telefonnett.

Det er to bekkar, som lokalbefolkninga til nå har skildra som fredfulle, som fant seg nye løp. Vatnet grov ut masse, blant anna ved skulen, slik at høgspentleidningen var synleg. Difor vart det i går kveld bestemt at skulen og barnehagen i bygda måtta stengast i dag, fredag. Rundt 20 barn var ramma.

FLOM: Elva Rena har laga problem for bygda Deset i Åmot

ARBEID: Elva Rena har laga problem for bygda Deset i Åmot

Foto: Per Magnussen

Må ta helga til hjelp

Men ifylgje rådmann i Åmot, Randi Dørum, byrjar situasjonen nå å roe seg.

– Akkurat nå er fylkesveg 607, altså vegen gjennom Deset, opna igjen for ferdsel. Vassforsyninga er òg i gang att og dei fleste skal ha fått att straumen, melder ho, fredag føremiddag.

Randi Dørum

RÅDMANN: Randi Dørum.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Samtidig fortel rådmannen at fleire framleis slit med fasttelefonnettet og at det vil ta tid før gatelys er på plass. Vegen opp til oppvekstsenteret i bygda er framleis uframkomeleg.

– Vi må nok ta både helga til hjelp, og moglegvis litt til, før den er i orden. Vi håpar at vêrgudane er med oss, så skule og barnehage kan opne att måndag, seier Dørum.

Øydelagde sidevegar gjer at heimetenesta i kommunen må køyre omvegar. Dei kjem fram til alle, seier dei – men det tek lengre tid enn vanleg.

Må rekne med at vasstanden går opp og ned

Rådmannen seier at det er lite dei kan gjere for å forhindre slike situasjonar skjer igjen.

– Vi har dei husa og den vegstandaren vi har. Vi må leve med uvissa og at vêrforholda vil påverke framkjømda òg i framtida, seier ho.

Sorknes Golfklubb er av dei som har fått merka den høge vassføringa. To bruer er øydelagt og vatnet grov ut eit hol. Golfklubben skulle eigentleg ha sesongopning i dag, men i staden vert det dugnadsarbeid.

SKADAR: Sorknes Golfklubb må utsetje sesongopninga etter vatnet sine herjingar

SKADAR: Sorknes Golfklubb må utsetje sesongopninga etter vatnet sine herjingar

Foto: Per Magnussen

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND