Statens forureiningstilsyn (SFT) og Fylkesmannen i Oppland vil nå fjerne det forureina slammet, fordi det er fare for at det blir vaska ut i Mjøsa.
Målingar har avdekt høge nivå av bromerte flammehemmarar.
Bruker slamsugar
Prøver frå kanalen som går sør på Strandtorget i Lillehammer vart tatt i midten av mars. Førre veke fekk SFT resultat som viser at det er høge nivå av bromerte flammehemmarar i slammet i kanalen.
For å hindre at det forureina slammet blir vaska ut i Mjøsa når vannstanden byrjar å stige utover våren, set nå SFT og Fylkesmannen i Oppland i gang med å fjerne slammet.
Arbeidet startar straks, og SFT vil bruke slamsugar og deponere slammet på ein forsvarleg måte.
Miljø- og helsefarleg
Også tidlegare prøver viser høge nivå av bromerte
flammehemmarar utanfor Lillehammer.
Bromerte flammehemmarar er ein gruppe kjemikalier som blir tilsett i ein rekkje produkter, som for eksempel elektronikk, isolasjon og tekstiler, for å gjera dei mindre brennbare.
Stoffa er farlege for miljø og helse, er vanskelege å bryte ned, og samler seg opp i både menneske og natur.