NRK Meny
Normal

No ventar fjellet på deg

Denne helga opnar alle hyttene til Den Norske Turistforening i fjellet. Ved Gjendesheim i Jotunheimen er det flotte forhold for både fot- og skiturar.

Gjendesheim og 500 andre DNT-hytter er klare for sommaren 2015

KLART FOR SOMMAREN. Gjendesheim og 500 andre DNT-hytter opnar sommardrifta denne helga. Sjå video frå hytta ved Gjende der Besseggenløpet vart arrangert laurdag. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK

Kommunikasjonssjef i Den Norske Turistforening, Mette Øinæs Habberstad, seier at alt er klart for å ta i mot folk som vil til fjells:

– No er alle dei betjente hyttene opne, over fem hundre i talet, så det berre å komme seg til fjells!

Over 560 tusen dugnadstimar er blitt lagt ned det siste året for å få DNT-hyttene klare til sesongstart. Det er ny dugnadsrekord, noko som Turistforeningen er stolte over.

Stiar er rydda og merka, hytter er malte og sette i stand, så det er takka vere alle dei frivillige i DNT at vi no kan opne hyttene for alle som vil. Det set vi veldig pris på.

Mette Øinæs Habberstad ved Gjendesheim

KOM TIL FJELLS. Kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øinæs Habberstad, seier at alt er klart i fjellet.

Foto: arne sørenes / nrk

Skiføre i høgfjellet

Habberstad fortel at det framleis er skiføre mange stader i høgfjellet, mellom anna på Valdresflye der det er opp mot to meter snø einskilde stader. Mange nyttar derfor høvet til å gå toppturar på ski, til dømes til Rasletind.

Båtførar og kaptein på "Gjendine", Harald Øvstedal, stadfestar dette. Seinast laurdag hadde han med seg fleire skituristar på turen mellom Gjendesheim og Memurubu.

Men over Besseggen er det fint å gå til fots no, sjølv om det er noko snø i dei høgste partia.

"Gjendine" ved kai ved Memurubu

FJELLBÅTEN. 'Gjendine' fraktar turistar over Gjende frå Gjendesheim til Memurubu.

Foto: arne sørenes / nrk

Bereket vann Besseggenløpet

Laurdag vart Besseggenløpet frå Memurubu til Gjendesheim arrangert for femte gong etter at tradisjonen frå 1960-talet igjen vart starta opp i 2011. Tomas Bereket sette ny rekord i fjor med den smått utrulege tida 1.15.40. Eritrearen som spring for Sportsklubben Vidar, vann i år som i fjor, men brukte eit kvarter lengre tid over Besseggen i år.

Det var for mykje snø til å setje rekord, sa Bereket til NRK like etter at han kom i mål.

Likevel var han nøgd med løpet, og lovå å gjere eit nytt rekordforsøk neste år.

Tomas Bereket vann Besseggenløpet

SEIER I ÅR SOM I FJOR. Tomas Bereket vann Besseggenløpet som han ville, men det vart ikkje ny rekord i år.

Foto: arne sørenes / nrk

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Sveen på 8. plass

    Simen Sveen fra Ringsaker kom på 8. plass på 15 kilometer friteknikk på Beitostølen. Landslagssjef Tor Arne Hetland trakk før løpet fram blant andre Sveen som en av de han hadde tro på i toppen, men det holdt ikke i dag. Simen Hegstad Krüger vant.

  • Bil av vegen i Aust-Torpa

    Politiet fikk melding om en bil som hadde kjørt av vegen i Aust-Torpa i Nordre Land i natt. Det var ingen ved bilen da politiet kom til stedet. Senere anholdt politiet en person mistenkt for kjøring i påvirket tilstand. Han anmeldes og førerkortet ble beslaglagt.

  • Håndgemeng på bensinstasjon

    En mann og en kvinne havnet i håndgemeng på en bensinstasjon i Hamar i natt. Politiet måtte komme til stedet og mannen ble bortvist fra sentrum.