Ved 16-tida torsdag ettermiddag kolliderte ein personbil med hengar med ein møtande lastebil.
Døydde momentant
Tre vaksne og eitt barn omkom i trafikkulukka like sør for Brumunddal.
Personbilen kom trolig over i feil køyrebane og kolliderte med lastebilen. Alle personane som sat i personbilen døydde i den voldsomme smellen.
De omkomne er ein 67 år gamal mann, hans to søner på 29 og 37 år og 37-åringens dotter på to år. Dei to første var frå Bodø, mens dei to andre var busatt på Greåker.
E6 var stengt fram til midnatt.
Vegen snevra inn
Opplysningane frå politiet var ved 18-tida svært sparsommelege.
- Vi kan ikkje seie noko særleg om ulukka, fordi vi ikkje veit så mykje om dei som sat i bilen, får NRK opplyst hjå politiet.
Men det som er klart, i tillegg til at bilen trolig kom over i feil køyrebane, var at ulukka skjedde på ein stad der køyrebana blir snevra inn frå tre til to felt.
Føraren av vogntoget, ein 41-åring frå Elverum, kom ikkje fysisk til skade i ulukka.
Ikkje glatt
Operasjonsleiar Frank Løkken i Hedmark politidistrikt seier det regna i området, men det skal ikkje ha vore glatt på ulukkesstaden.
Ifølgje politiet har det tidlegare skjedd fleire alvorlege ulukker på strekningen.
Bilete frå ulukka i Vingrom.
Ulukke på Vingrom
Tre bilar var innblanda i ei ulukke ved Vingrom torsdag ettermiddag.
Ved sjukehuset får NRK opplyst at av dei fire personane som kom inn etter ulukka, er tre personar utskrivne.
Ei dame som var med er lagt inn til observasjon med brotskadar.
Totalvrak
Dei tre bilane som var inneblanda i ulukka fekk noko varierande skader.
Verst gjekk det ut over ein personbil og ein varebil. Personbilen er totalvrak, medan varebilen og fekk store skader i samanstøyten.
Dei tre bilane kjem frå distriktet. Politiet har førebels ikkje danna seg noko inntrykk av årsaka av ulukka, fordi dei som var involvert hamna på sjukehus.
E6 var stengt i en lengre periode etter at politiet måtte dirigere om trafikken i samband med oppussinga.
Det vart køar i båe retninger og gamle E6 frå Vingrom til Vingnes vart brukt som omkøyringsveg.