Byggjinga som startar etter påske er det fyrste trinnet på ei utbyggjing ved Nystuen og det gamle Tyin-hotellet ved Eidsbugarden.
Halvparten må seljast
Stig Finvold i Tyin Panorama seier dei på sikt har planar om å byggje for rundt 200 millionar kroner, viss salet av eigedomane går i orden.
- Vi er avhengig for å selje 60 prosent av leilighetenbe før vi sett i gong. Men fyrst startar vi altså med Nystuen. Der skal vi og lage leiligheter i det gamle kjøkenet og gjere ein del endringer, seier Finvold.
Fyrst nå er det annekset dei tek fatt på. Seinare kan det bli meir, mellom anna fleire leiligheter i det gamle Tyin hotell.
Store ringverknader
No har dei teikna ei totalentreprise for det fyrste trinnet med ein leverandør i Lærdal.
- Men vi set som eit krav at ein skal bruke lokale entreprenørar. Valdres har mange flinke handverkarar, og då må vi bruke dei. På sikt er det klart at det blir stor sysselsetting. Berre no i fyrste byggjetrinn er det prat om mellom 20 og 30 arbeidarar, seier Finvold.
Lokkar bergensarar
Tyin-Filefjell-området er altså eit område der Austlandet møtar Vestlandet gjennom stamvegen E16.
Og for folk fra Vestlandet og Bergens-området er det stor interesse for Tyin, opplyser Sveinung Minde ved DnB Nor Eiendom i Bergen.
- Ja, dette er ein sikker vinterveg og det er sikkert med snø. Difor er Tyin-området i ferd med å bli det hottaste reiselivsmålet for mange som ynskjer seg ei hytte eller ei leilighet, seier Minde.