Natt til 19. september 2003 tok mannen seg inn i Totens Sparebank på Raufoss, der han øydela to av inngangsdørene i banken.
Deretter plasserte han ei sprengladning på minibanken og sprengte den i filler.
230.000 kroner i utbyte
Mannen fekk med seg over 230.000 kroner.
Ein av meddommarane i tingretten meinte mannen ikkje var skuldig i sprenginga av minibanken på Raufoss og ville frifinne den tiltala på det punktet.
Men fleirtalet i retten kom fram til at det var sannsynleg at 34-åringen var gjerningsmannen.
Dømt for 26 lovbrot
Mannen har heile tida hevda at han ikkje stod bak minibank-sprenginga.
Toten tingrett har dømt 34-åringen for heile 26 lovbrot. Blant dei andre forholda mannen er dømt for, er blant anna tjuveriet av seks minicrossarar ved Motorspeed på Lillehammer i september i fjor.
Til saman vart fengselsstraffa på to år og ti månader.