Hopp til innhold

Bensintank eksploderte - to til sjukehus

To personar er sendt til sjukehus etter at ein bensintank eksploderte under NM i rallycross på Dokka.

Ein bensintank eksploderte inne i depotet under NM i rallycross på Vinjarmoen i Dokka laurdag ettermiddag.

Det var Oppland Arbeiderblad som omtalte ulukka fyrst.

– To personar fekk andregrads forbrenning og er sendt til Gjøvik sjukehus, seier operasjonsleiar Sidsel Svarstad.

Tre andre personar som kom til for å hjelpe inhalerte noko røyk. Dei blir sjekka av helsepersonell på staden i følge politiet.

– Alder og kjønn er foreløpig ikkje kjent, seier Svarstad.

Politiet seier at det er for tidleg å seie noko om kva som er årsaka til eksplosjonen, men den skal ha starta i ei bensintønne.

Ifølge OA skal eksplosjonen ha skjedd i samband med drivstoffhandtering.

NRK har vore i kontakt med ein person som var i nærleiken da det skjedde. Personen opplyser at alle dei skadde skal ha det bra, og at det har gått hardast utover det materielle på staden.

– Brann, brann, brann

Christian Amdim er teknisk sjef under NM i rallycross på Vinjarmoen. Han stod oppe i tårnet da han plutseleg høyrde om brannen over sambandet.

– Plutseleg ropte det over sambandet: brann, brann, brann.

– Da skjønte eg at det var alvor og sprang ned, seier han.

Amdim såg at det steig røyk opp frå bak tribunen inne i depotet. Der var mange funksjonærar, brannvesen og helsepersonell allereie i gang med redningsarbeidet.

– Det var litt henda i været og litt kaotisk, men ein fekk raskt kontroll på situasjonen. Eg må få rose alle dei som var raskt på staden og sløkte brannen, seier han.

NM i rallycross arrangerast for både seniorar og juniorar denne helga. Godt over 100 bilar er med i meisterskapen på Dokka.

Løpet vart naturlegvis avbrote laurdag ettermiddag som følge av eksplosjonen.

Flere saker fra Innlandet