Hopp til innhold

Alf Prøysen "fekk" Julekveldsvisa av mor

RUDSHØGDA (NRK): "Julekveldsvisa" av Alf Prøysen er blitt ein kjend og kjær julesong for mange. Men det var mora Julie som først fortalde historia om julestjerna over Rudshøgda.

julestjerna

Den nye Prøysenstjerna lyser 27 meter over Prøysenstua i Ringsaker.

Foto: arne sørenes / nrk

Mary Kristine Olsen Hagen er oldebarnet til Julie Prøysen. Ho vaks opp i Prøysenstua på Rudshøgda i Ringsaker der også oldemora budde fram til Mary var ni år gammal. Mary hugsar godt besøka til grandonkel Alf, og det nære båndet mellom mor og son Prøysen.

Mary Kristine Olsen Hagen

STOLT: Mary Kristine Olsen Hagen fortel om oldemor Julie og grandonkel Alf Prøysen.

Foto: arne sørenes / nrk

– Når Alf var på besøk så turde ikkje eg å forstyrre så mykje, for han og oldemor var i si eiga verd. Det var ømhet og forståing, utan at dei sa så mange ord. Det var nok med eit nikk og eit smil. Dei var veldig nære og samkøyrde.

Mary ser seg rundt i den vesle stova som ein gong var heimen hennar, men som no er eit museum. Ho meinar at oldemora var ein viktig støttespelar for diktarsonen Alf, og at mange av visene og forteljingane hans er inspirert av livet til mora, eller av dei tallause historiane ho fortalde då Alf var liten gut. Mary Kristine nemner både "Husmannspolka", "Du skal få ein dag i morgon" og "Lille måltrost", men aller mest trur ho at "Julekveldsvisa" er påverka av Julie.

Om forholdet mellom Alf Prøysen og mora Julie

NÆRT: Sjå TV-sak om det tette bandet mellom Julie og Alf Prøysen. Foto: Johan Brun /Hedmarksmuseets fotoarkiv. Video: Arne Sørenes

– Ho las mykje og kunne mykje, og ho var utruleg god til å fortelja. Ho fortalde på ein slik måte som gjorde at det vart både spennande og gjenkjenneleg for oss ungane å høyre på.

Mary Kristine fortel at oldemora særleg var flink til å fortelje frå bibelsoga.

Guds grønne enger

Sjølv nemde ikkje Alf Prøysen mora som inspirasjonskjelde då han vart spurt om korleis han kom fram til teksten då han skreiv Julekveldsvisa i 1951. Seinare fortalde han at han var inspirert av teaterstykket "Guds grønne enger" som han hadde sett på Det Norske Teateret like etter krigen.

Prøysenstjerna

UTSIKT: Prøysenstjerna som vart oppført i november 2014 er godt synleg frå krakken ved glaset i Prøysenstua.

Foto: David Bjåland / NRK

Eit teaterstykke som i 1933 vart forbode av Stortinget på grunn av formodentleg blasfemisk innhald og som var "fornærmende mot kristendommen". I 2013 vart "Julekveldsvisa" tatt inn i den nye Salmeboka.

Hør Dagens Prøysen: Julekveldsvisa i NRKs nettradio!

Himmelen i ei gråstugu

Mary Kristine hugsar godt at oldemora fortalde juleevangeliet på sin eigen måte. Ho er sikker på at oldemor Julie også fortalde evangeliet til Alf då han var liten, og at han dermed "fekk" teksten til Julekveldsvisa av mor si:

– Det var slik ho fortalde juleevangeliet då borna var små, for at dei skulle forstå innhaldet. Så Alf hadde meir eller mindre teksten ferdig han, då han vart spurt om å hente evangeliet ned frå Himmelen og plassere det i ei gråstugu.

Prøysenstua

PRØYSENSTUA: Sjå Mary Kristine Olsen Hagen fortelje meir om livet på husmannsplassen Prøysen. Video: Arne Sørenes.