Idrettslaga har søkt om å få kompensasjon fordi dei mister inntekter som følgje av at speleautomater blir lagt inn under Norsk Tipping i 2005.
- For seint
Men Lotteritilsynet ville ikkje behandle søknaden frå idrettslaget fordi søknaden kom for seint.
Lotteritilsynet avviste å behandle søknadene fordi søknadene var poststempla etter at fristen var gått ut.
Søknadsfristen var sett til laurdag 1. mai 2004, men søknadene kom etter den tid.
- For strengt
Organisasjonane har klaga dette inn for Lotterinemda, som er klageinstansen i slike saker.
Lotterinemda har tatt klagen frå Lunner Idrettslag og Alvdal Idrettslag til følgje, og søknaden må nå behandlast på vanleg måte i tilsynet.
Lotterinemnda har mellom anna festa lit til forklaringar om at søknadene var levert lokale postkontor innan fristen, men at desse søknadene var poststempla etter at fristen var ute.
Dei viser til at avvisingsvedtaket er gyldig, men at utøvinga av skjøn er streng, "særlig sett i lys av lotterilovgivningens formål og at det er kompensasjon av økonomiske midler til samfunnsnyttig eller humanitært arbeid"