Får ikkje rive Storgata 81
Lykstad og Owren Eiendom AS får ikkje rive det brannskadde bygget Storgata 81 i gågata på Lillehammer. Oppland fylkeskommune grunngjev dette ut frå byggets betydning, og på bakgrunn av den antikvariske restverdien. Men dei får demontere bygget under bestemte vilkår. Dette fordi fylkeskommunen meiner det er mogleg å rekonstruere deler av bygninga.