Det er gjeve nytt fellingsløyve på ein bjørn i kommunane Nordre Land, Søndre Land, Sør-Aurdal og Etnedal.
Bjørnen gjekk til åtak på ein sau natt til laurdag, og til saman er ti sauar teke i området den siste tida.
Held vakt om natta
Søndag vart bjørnen observert av ein turist på Nordsinni. Jegerane rykka ut same natt, men dyret slapp unna.
No held sauebøndene vakt om nettene.
- Dei sit og passar på så lenge det er skytelyst, seier jaktleiar Rolf Leirvik.
Ikkje organisert jakt
Sauebøndene planlegg å berre halde vakt om nettene framover, så sant dei ikkje finn nye spor. Noko organisert jakt er det ikkje snakk om nå, det blir som å leite etter nåla i høystakken, fortel Leirvik.
Det er om lag 2300 sauar på beite i det aktuelle området. Fellingsløyvet gjeld fram til tysdag 26. juli.