Hopp til innhold

Skadd i rideulykke - får erstatning etter sju år

Ein roleg ridetur ende med fall, store skader og eit forandra liv.
Sju år etterpå har Runhild Tokerud vunne fram mot forsikringsselskapet og er tilkjent erstatning.

Runhild Tokerud

FRAMLEIS GLAD I HEST: Runhild Tokerud er framleis glad i hest, og har nytta riding som ein viktig del av opptreninga.

Foto: Privat

I september 2009 var Runhild Tokerud frå Gran ute på ridetur saman med dottera og ei anna jente på eit ridesenter på Hadeland. Brått vart ho kasta av hesten og vart liggjande med store smerter.

– Eg skjønte ganske raskt at det var alvorleg. I ettertid vart det påvist fire-fem brot i ryggen samt eit brot i nakken.

Ho vart sendt med helikopter til sjukehus til Oslo, så vidare til Gjøvik etter nokre dagar. Deretter venta fleire månader med uvisse.

– Det vart konstatert at brota var relativt stabile, men eg kunne ikkje starte opptreninga før det var grodd. Så det vart mange månader i senga i stua.

– Har krav på erstatning

Skadane og etterverknadene av desse førte til at ho vart vurdert som 21 prosent invalid, måtte skifte arbeid og er i dag 50 prosent ufør.

Ridesenteret Tokerud besøkte hadde ansvarsforsikring gjennom Gjensidige. Forsikringsselskapet meinte at dei ikkje var erstatningspliktige fordi Tokerud hadde akseptert at det låg ein risiko knytt til rideturen. Dei meinte at når ein set seg på ein hest må ein vere innforstått med at det er ein risiko knytt til dette, og at ein derfor må ta følgjene ved eit eventuelt uhell.

Saka vart fyrst brakt inn for Finansklagenemnda der Tokerud fekk medhald. Gjensidige aksepterte ikkje dette og saka gjekk vidare til Gjøvik tingrett.

Kan bli anka

I dommen kjem det fram at saka er eit grensetilfelle, men dommaren kom også fram til at Gjensidige er erstatningsansvarlege.

– Det har vore ein lang, tung og vanskeleg kamp. Sjølv om dommen ikkje er rettskraftig enda så er eg glad for å bli trudd, seier Tokerud.

Gjensidige har ikkje bestemt seg for om dei vil anke.

– Vi er ueinige både i vurderinga og domsslutninga. Vi vurderer alltid ein anke når vi ikkje får medhald, den vurderinga vil nok ikkje skje før etter sommaren, seier Gjensidiges advokat Merete Anita Utgård.

Kor stor ei eventuell erstatning skal vere blir ikkje vurdert før dommen er rettskraftig.

Framleis glad i hest

Runhild Tokerud er framleis prega av ulykka som skjedde for nesten sju år sidan. Men sjølv om det var ulykke med ein hest som skada ho for livet, har nettopp kjærleiken til den firbeinte vore ein viktig del av opptreninga.

– Eg har ein heilt annan tilnærming til det å ri og vere rundt ein hest. Ein ville vere dum dersom ein ikkje vart prega av noko slikt. Men det har vore ei glede for meg å bruke hesten i opptreninga og for å kome meg rundt i naturen.

Flere saker fra Innlandet