- Må skrive om Noregshistoria

Dei sørlegaste funna av samebusetnader i Noreg funne i Valdres. Oppsiktsvekkjande, meiner fylkesarkeolog Espen Finstad.

Arkeolog Espen Finstad

Fylkesarkeolog Espen Finstad tek prøver ved busetnadene i Vestre Slidre.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Før helga vart det funne fire samiske gammetufter i Vestre Slidre i Valdres. Dette er dei sørlegaste samebusetnadene som er funne i Noreg, og stammar truleg frå vikingtida eller middelalderen.

- Det er utruleg spanande og interessant. Vi flyytar Noregshistoria med dei funna vi har gjort det siste året, seier fylkesarkeolog i Oppland, Espen Finstad.

- Svært klassisk

Funnet er 15-20 mil sørlegare enn liknande funna som er gjort tidlegare. Det er fire tufter etter samiske gammer, og ildstadene er bevart.

- Vi trur dei stammar frå vikingtida eller middelalderen, slike rekkjebusetnader er ganske vanlege nordover i landet på den tida, seier Finstad.

- Korleis kan de vere sikre på at dette er busetnader etter samer?

- Dette fenomenet med gamme er samane si buform, og forma og måten dei ligg i landskapet er svært klassisk. Det heile stemmer også godt med det vi fann på Aursjøen i 2006 .

Undersøkingar i haust

Espen Finstad seier dei allereie i løpet av hausten vil starte arbeidet med datering og undersøking av funna i Valdres.

- Vi må også ta ei runde med Sametinget og kulturhistorisk museum om kva som skal gjerast. Men det hadde vore interessant å tilrettelagt desse funna for skilting, seier fylkesarkelog Espen Finstad.