Hopp til innhold

Fann medisin mot spedalsksjuke i blodet

OPPLAND (NRK): Det sjeldne antibiotikumet Dapson har gjort ei kvinne i 30-åra livstrugande sjuk. Politiet meiner foreldra har gjeve henne stoffet og har sikta dei for å ha forgifta dottera.

Politi med anonymisert par utenfor intensiven

BESØKSFORBOD: Foreldra må ha med seg politiet når dei besøker dottera. Ein halv time to gonger i veka er alt. Forbodet er forlenga fram til april.

Foto: Jorun Vang / NRK

Fem gonger på få månader har kvinna i 30-åra vorte akutt innlagt på intensivavdelinga ved eit helseføretak i Sjukehuset Innlandet. Sjukehuset varsla politiet då dei fann legemiddelet Dapson i blodet til dottera.

Stoffet er ein type antibiotika som er lite brukt i Noreg, og kvinna reagerte allergisk når ho fekk det i seg. Dette visste foreldra, meiner politiet som har sikta dei for å ha forgifta dottera.

– Vi veit ikkje om stoffet er gitt med overlegg eller i vanvare, seier politiadvokat Marte Johansen.

Les: Foreldrepar sikta for å ha forgifta dotter

ALVORLIG: Politiadvokat Marte Johansen sier siktelsen har en strafferamme på tre års fengsel.

FØREBUR AVHØYR: Politiadvokat Marte Johansen seier dei har etterforska saka sidan november. Kvinna har vore for sjuk til å la seg avhøyre.

Foto: Frode Meskau / NRK

Ifølgje politiet er stoffet påvist fire gonger etter at kvinna vart akutt innlagd på intensivavdelinga i haust. Dapson kan lagrast i kroppen over lengre tid, men politiet meiner at kvinna har fått tilført medisinen ved minst to høve. Eit av desse tilfella er foreldra sikta for.

Politiadvokat Marte Johansen meiner dei då har tatt høgde for at stoffet kan finnast i kroppen lenge etter inntak.

Kasta medisinane

NRK har møtt foreldra. Dei fortel at dottera har ein ME-diagnose, er pleietrengande og har vore pasient ved ein klinikk i Polen ved fleire høve. Det er her ho skal ha fått medisinen.

Resept på Dapson

RESEPTEN: Namnet på klinikken, og namnet til dottera står på resepten som mora syner NRK. Denne skal dei ha fått utskriven i 2015. Resepten er ikkje datert.

Foto: privat

Då mora forstod at det var tablettane som gjorde jenta sjuk, seier ho at ho kasta resten av tablettane i søpla.

Ho har ingen forklaring på korleis stoffet no skal vere funne i blodet til kvinna, så lang tid etter.

Kvinnas polske lege seier dei sjeldan nyttar Dapson. Klinikken har no ein pasient til behandling med denne medisinen.

Vil avhøyre kvinna

Politiet prøver å finne ut korleis jenta har fått i seg stoffet.

– Vi har ikkje fått avhøyrd kvinna, seier Marte Johansen, til det har ho vore for sjuk.

Kvinna er no ute av intensiv behandling, og under pleie på ein kommunal sjukeheim. Hennar verje, advokat Sven Omre Kjosbakken, ynskjer ikkje å kommentere kvinnas helsetilstand eller diagnose, og viser til teieplikta.

Foreldra besøker dottera to gonger i veka, ein halv time kvar gong, med politiet til stades.

Dei har så langt ikkje klaga på besøksforbodet ettersom dei ikkje har fått innsyn i dokumenta, seier forsvararen deira, Ida Helene Braastad Balke. Så lenge dottera er fråteken samtykke er dokumenta klausulerte for foreldra.

Dette vedtaket har dei klaga inn til Fylkesmannen. Foreldra har pleia dottera sidan ho vart sjuk i 2004.

– Det som skjer, er så uverkeleg, seier dei til NRK.

.

Flere saker fra Innlandet