Hopp til innhold

Familiejubel då dei dansa konkurrentane av golvet

RØROS (NRK): Familien Nilssen frå Løten gjorde reint bord i eliteklassa i dans på Landskappleiken.

Landskappleiken

SIGER: Stig og Kari Nilssen vann i kategorien dans fele-A under årets Landskappleik på Røros.

Foto: Thomas Westling / Landskappleiken

– I dag var det han far som drog det lengste strået. Han og mor har dansa i A-klassa i 25 år, endeleg var det deira tur, seier Ole Nilssen. Sjølv tok han andreplassen saman med sin dansepartnar Solveig Brekke Hauknes.

Men på toppen av resultatlista var det mor og far som fekk plass i staden for. Kari og Stig Nilssen frå Løten tok sigeren på Landskappleiken, som vart arrangert på Røros i helga.

Men sonen får noko av æra for foreldras siger og, for det var han som stod for musikken då mor og far dansa seg til siger.

– Det er ei tresidig sak dette, ler far Stig.

Landskappleiken 2017
Foto: Even Lusæter / NRK

Dans frå Østerdalen

Dans fele klasse A er eliteklassa for bygdedansane i flatfeledistrikta. Og familien Nilsen dansa båe ein lokal polsdans frå Østerdalen.

– Det er ein dans som har vore brukt i Østerdalen og i fjelltraktene rundt Røros i over 400 år, seier Ole.

Landskappleiken

TOPPA PALLEN: Son Ole Nilssen og dansepartnar Solveig Brekke Hauknes vart nummer to, og sikra to pallplassar på familien Nilssen.

Foto: Thor Hauknes / Landskappleiken

Men det er ikkje berre lett å skildre dansen han sjølv driv med.

– Det er eit frykteleg driv, eit «groove» i botn som driv dette framover. Det er ikkje ein hoppande dans, han sit i golvet, men med ei forrykande framdrift på same tid, seier Ole.

– Det skal sjå pent ut, på same tid skal det vere litt tæl og trykk. I tillegg skal det synast at vi er glade i damene våre og det skal synast at vi har ein god spellemann, seier far Stig.

Landskappleiken 2017

HEILT PÅ HOVUDET: Hallgrim Hansegård, kjent frå Frikar var med under Landskappleiken.

Foto: Runhild Heggem / Landskappleiken

– Eit levande miljø

Dei fortel at rekrutteringa på dans har vore litt treg dei siste, men at folkemusikken og dansen lever i beste velgåande.

– Det kjem ikkje til å daude med oss, det er så levande som du får det, seier dei erfarne dansarane.

– Det blir opp til oss å følgje opp dei unge, seier Stig.

Landskappleiken 2017|

LEVANDE: Folkemusikken og folkedansen lever, meiner Nilssen-familien. Her viser mor og far at dei òg lever seg inn i dansen.

Foto: Thor Hauknes / Landskappleiken

– Trur vi i Norge har plass til litt til

– Det står heilt fantastisk til med folkemusikktradisjonen i Noreg. Vi skal vere nøgd med at barn og unge vil gå grundig til verks på folkemusikken og dansen, seier Vegard Vårdal.

Han er folkemusikar og driv mykje med opplæring. Han meiner det er fleire årsakar til at interessa blant nordmenn har auka dei siste åra.

– Vi har mange effektar globalt. Det er mykje meir fokus på nasjonalitet og identitet. I tillegg har Noreg jobba med å normalisere folkemusikken, fortel han.

Vårdal trur interessa kjem til å auke i tida framover.

– Eg trur ikkje vi har nådd toppen. Eg trur Noreg har plass til litt til, seier han.

Flere saker fra Innlandet