Hopp til innhold

Færre ulvar i Noreg

Ei ny oppteljing syner at det førre vinteren var mellom 32 og 34 ulvar i Noreg. Det er færre enn tidlegare.

Ulv

Det er færre slike som ruslar rundt på norske jorder.

Foto: Privat

Ein endeleg statusrapport frå Rovdata syner at talet på ulvar i Skandinavia auka sist vinter. I Noreg er det omvendt.

I vinter vart det registrert frå 32 til 34 ulvar i Noreg, i fjor var talet 33 til 37 ulvar. Talet på ulvar som held til både på norsk og svensk side av grensa har også gått ned.

Meir ulv i Skandinavia

– Samla sett syner dette at det har vore ein nedgang i talet på ulvar som var innan landets grenser, seier leiar i Rovdata, Morten Kjørstad.

I Skandinavia som heilskap er det likevel meir gråbein enn på lenge. Denne vinteren var det mellom 289 og 325 ulvar i Skandinavia.

– Dette er fleire ulvar enn nokon gong sidan dei felles norsk-svenske registreringane starta. Denne veksten har skjedd på svensk side, seier Kjørstad.

Når bestandsmålet

Men sjølv om det er færre ulvar her i landet, ser det likevel ut til at Stortinget sitt bestandsmål om tre årlege ulvekull blir nådd. Eit valpekull er stadfesta, og minst to andre blir rekna som svært sannsynlege.

– Den stadfesta ynglinga er i Aurskog-reviret i Akershus, medan dei to sannsynlege ynglingane er innanfor Hedmark i revira Julussa og Slettås.

I tillegg til desse er det stadfesta tre kull som er fødd i grenserevir, og 25 kull i heilsvenske revir.

– Ut frå ei vurdering av talet på kjende ulveflokkar og par forventar vi ein vidare vekst i talet på kull i Skandinavia, og at det sannsynleg er fødd minst 34 kull i 2011, seier ulveforskar Petter Wabakken.

Flere saker fra Innlandet