Hopp til innhold

Færre skadar i påskefjellet

Raude Krossen i Oppland og Hedmark fekk mindre å gjere i år enn dei hadde i fjorårets påske. I alt er det meldt om 128 skada påsketuristar.

Norske redningshunder og røde kors
Foto: Finn Arild Bystrøm

Dette talet er langt under fjoråret då hjelpekorpsa lega rundt 276 skadar.

- Mindre påskeutfart på grunn av dårleg ver er hovudårsaken, meiner dei to fylkeslaga av Raude Krossen.

Dei frivillige på vakt vart kopla inn i alt seks leiteaksjonar.

Fleire redningsoppdrag

Raude Krossen i Oppland var med på totalt 16 redningsoppdrag og ein leiteaksjon i Rondane. I Hedmark vart det sett i gong seks leiteaksjonar, mellom dei eit skredsøk i Folldal.

Alle aksjonane endte lukkeleg og utan store ulemper for dei involverte.

- Påskeutfarten har vore liten i år. Det trur vi vèret må ta ein del av skulda for, heiter det i pressemeldinga frå informasjonssentralen Fjellvåk som Dokka Røde Kors driv i Nord-Torpa.

Attåtnæring

Men sjølv om dei friviljuge har hatt lite å gjere i påska, er det mange andre arbeidsoppgåver dei har å sysle med.

- Mange hjelpekorps har brukt påska til å skaffe korpset nokre kroner i kassa ved å selje brus, kaffe, sjokolade og liknande ute i løypene. Det set dei pris på, seier Lars Molstad, operativ leiar i Raude Krossen i Hedmark.

Flere saker fra Innlandet