3,4 millionar kroner har fylkestrygdekontora i Hedmark og Oppland brukt i 2004 på å kjøpe sjukemeldte ut av helsekøene.
504 opplendingar og hedmarkingar fekk behandling for å koma raskare attende i arbeid.
Men Trygdeetaten bruker mindre pengar på å få folk ut av sjukehuskøene og attende i arbeid. I fjor vart det brukt 2 millionar kroner i Oppland, og det er ein million mindre enn året før.
Årsaka er at Trygdeetaten kjøpte fleire behandlingsopplegg med høgare kostnad per pasient i 2003.
132 færre kjøp ut i Oppland
- Dei som blir kjøpt ut av helsekøene er personar som er sjukmeldt og for tida går på sjukepengar, rehabiliteringspengar etter attføringspengar. Vi vel dei personane som vi ser er i ein ventelistesituasjon som ikkje er haldbar.
Det seier Jørn Bekkelund, rådgjevar ved Oppland fylkestrygdekontor.
Dette inneber at det for enkelte pasientgrupper blir kjøpt utgreiingar, operasjonar og behandlingsplassar.
I 2003 vart 432 sjukmeldte trekt ut av helsekøene og sendt til behandling andre stader, mot 300 opplendingar i fjor.
Færre av dei som blir behandla er attende i arbeid etter dei 14 vekene som er forventa etter ein operasjon.
Anbud pressa prisane ned
- Vi har dessverre hatt ei negativ utvikling. Vi vil setja fokus på høgare kvalitet i dei henvisingane vi har. Det betyr at vi må vera betre på å velja ut og inkludere pasientar. Samstundes har vi større forventningar til inklusjonsapparatet hjå dei ulike behandlarane.
- Men trygdeetaten bruker mindre per pasient og klient?
Ja, og det kjem av at vi har hatt anbudskonkurranser som har vore med på å presse prisane nedover.
Vi har også måtte prioritere pasientgrupper. Det betyr at vi vel å bruke pengar på dei som har lettare ortopediske lidinger, seier Bekkelund.