Tilbod til unge rusmisbrukarar er mangelvare. Det var derfor med stor optimisme at Eskoleia i Kongsvinger i sommar gjekk ut med tilbod til fire unge om ei ny sjanse til å koma seg ut av rusproblemet og inn i arbeidslivet.
Frå fyrste august skulle dei vore i gang, men slik vart det ikkje.
To deltakarar
Prosjektleiar Trond Vangen i Eskoleia, som jobber med folk med har avgrensingar i yrkesval, har gledd seg til kursoppstart.
I skogen står utstyret klart til opplæring i vedproduksjon. Alt står klart for kapping og kløyving, men det er nesten ingen som vil bruke det.
Og torsdag møter dei to fyrste deltakarane til dette spesielle tilbodet, som har mange samarbeidspartar frå det offentlege.
Aetat betaler størstedelen av tilbodet, mens kommunene ikkje treng yte noe.
- Manglar motivasjon?
- Det har verkeleg ikkje vore enkelt å få tak i deltakarar, fortel leiaren for Eskoleia, Jan Fagerland.
- Vi sa i juni at vi var klare til å starte opp, men så langt har vi berre to deltakarar, seier Fagerland. Han trur saksbehandlinga frå sosialkontora tek lang tid.
Trond Vangen trur også dei treige påmeldingane kan skuldast manglande motivasjon.
- Det kjem an på kvar kvar enkelt står, og dei må sjølve ønskje å koma seg ut av rusmiljøa.
Kommunane ikkje interesserte
I byrjinga av september sendte ein noko frustrert Jan Fagerland eit brev til sosialkontora i Sør-Odal, Nord-Odal og Eidskog.
Der skriv han blant anna at kommunane ikkje har meldt noko interesse for tilbodet om arbeidstreningsplassar for unge rusmisbrukarar.
Grue og Åsnes fekk også tilbod om å nytte seg av plassane.
- Utgiftene løper også utan deltakarar og behovet for plassar burde vore stort, meiner Fagerland.
- Vi har rundt 1.000 rusmisbrukarar i heile regionen, så marknaden er der, seier Fagerland.