Erkjenner aktlaus køyring

I dag starta rettssaka mot den 19 år gamle mannen frå Lillehammer som køyrde då ein person mista livet i ei ulukke for om lag eit år sidan. Han er tiltala for tre forhold. Han erkjenner ikkje skuld for aktlaust drap, men innrømmer å ha køyrt aktlaust. Han erkjenner også å ha køyrt for fort, men meiner han ikkje køyrde så fort som 98 km/t i 50-sona slik tiltala seier.