Hopp til innhold

Erkjenner å ha køyrt aktlaust

19-åringen som køyrde ulukkesbilen då ein av passasjerane i bilen døydde, erkjenner straffskuld på to av tre punkt i tiltala. Men han meiner han ikkje har skuld i dødsfallet.

Rettsalen i Sør-Gudbrandsdal tingrett

RETTEN: 19-åringen som er tiltala for aktlaus køyring og aktlaust drap måtte forklare seg i Sør-Gudbrandsdal tingrett i dag.

Foto: Stein Schinstad / NRK

I april i fjor døydde ein person i ei bilulukke på Lillehammer og i dag starta rettssaka mot den 19 år gamle sjåføren. Han er tiltala for tre forhold, men erkjenner deg berre skuldig på to punkt. Han erkjenner seg ikkje skuldig i aktlaust drap, men seier han køyrde aktlaust og innrømmer å ha køyrt over fartsgrensa.

Usemje om hastigheita

Den tiltala har innrømma at han køyrde over fartsgrensa, men ikkje så mykje som tiltala seier. Vegvesenet målte ei fart på 115 km/t på ulukkesstaden som ligg i ei 50-sone. Aktor legg vekt på ei rekonstruksjon av ulukka gjort av sakkunnige, som seier at bilen hadde ei fart på 98 km/t. Den tiltala meiner han hadde ei fart på 60 km/t.

Aktor, Hans Petter Ommedal

ALVORLEG: Aktor i saka, Hans Petter Ommedal ser veldig alvorleg på saka, og meiner bevisa seier at hastigheita på bilen var høgare enn 60 km/t.

Foto: Stein Schinstad / NRK

– Vi meiner langt høgare enn 60 km/t og det skulle tale for seg at det er det usemje om, seier aktor, Hans Petter Ommedal.

Bilulykke Lillehammer

ULUKKESSTAD: Bilen hamna på hovudet og ein av passasjerane døydde av skadane.

Foto: Karianne Stordal / NRK

Ein nabo, som var vitne til ulukka sa i retten at det var usikkert kor høg fart bilen hadde hatt, men at det kanskje var opp mot 100 km/t. I morgon vil ekspertar reise på synfaring i området der ulukka skjedde i Vårsetergrenda i Lillehammer.

Kan måtte betale erstatning

Både aktor og forsvarer ser svært alvorleg på saka, og seier det er ei alvorleg tiltale. Guten er tiltala for å aktlaust ha teke livet av ein av passasjerane sine.

Bistandsadvokat, Linn Kristin Myren

OPPREISING: Bistandsadvokat, Linn Kristin Myren reiser påstand om oppreising for dei etterlatne.

Foto: Stein Schinstad / NRK

Bistandsadvokaten til dei etterlatne, Linn Kristin Myren reiste påstand om erstatningssøksmål mot den tiltala. Forsvarer, Gunnar Hagen meiner det kjem an på kva retten legg til grunn av bevis i saka, for at det skal bli eit erstatningsspørsmål.

– Det er eit vilkår at det er utvist grov aktlause, og det blir gjort gjeldande at det ikkje er ligg føre i den saka her, seier forsvarer, Gunnar Hagen.

Forsvarer, Gunnar Kristen Hagen

TRIST: Forsvarer Gunnar Hagen seier saka er trist og veldig alvorleg.

Foto: Stein Schinstad / NRK

Flere saker fra Innlandet