Hopp til innhold

Emma (10) fekk uventa robothjelp

LOM (NRK): Siste dag før sommarferien fekk Emma akutt leversvikt og måtte haldast borte frå skulen. Då fekk jo hjelp frå ein kvit robot.

Emma Randen Bergdølmo

GLADJENTE: Emma Randen Bergdølmo smiler og er glad for at ho ikkje går glipp av undervisninga, sjølv om ho må vera borte frå skulen. Det sørger nemleg ein robot for. Her er ho saman med mora si, Heidi Randen Bergdølmo.

Foto: Even Lusæter / NRK

Pulten til Emma Randen Bergdølmo på Loar skule i Lom har stått tom sidan skulestart i haust – likevel går ho ikkje glipp av undervisninga.

For på pulten hennar står det no ein 30 centimeter høg robot, med blinkande auge og ein høgtalar på magen.

– Du blinkar med augo om du vil meg noko? spør lærar Grethe Aurmo.

Gjennom roboten kan Emma sitja heime og fylgje undervisninga frå mobiltelefonen sin.

– Ja, svarar tiåringen som sit heime og skriv stil.

Emma Randen Bergdølmo

BLINKANDE: Slik ser roboten som gjer at Emma kan fylgje med på undervisninga sjølv om ho ikkje er på skulen. Han er 30 centimeter høg, og har blinkande grønt lys. Lyden kjem ut via høgtalaren på magen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Må haldast borte frå skulen

Før ferien fekk Emma akutt leversvikt og måtte rett inn til operasjon. I dag er Emma frisk og rask, men inngrepet gjer at ho ikkje kan utsetjast for smittefare, og difor ikkje ta del i vanleg klasseromsundervisning.

– Eg kan ikkje vera på skulen fordi eg kan bli fortare forkjølt enn andre, seier ho.

Å vera borte frå undervisning eit halvt år og miste kontakt med klassekameratane kan vera ei stor tilleggsbelastning, men så dukka den vesle, kvite roboten opp.

– Då vi var på etterkontroll på sjukehuset, kom ein lege og spurte om vi ville prøve ein slik robot, og det takka vi ja til, seier mor Heidi Randen Bergdølmo.

Grethe Aurmo og Solveig Garmo

LÆRARAR: Grethe Aurmo (til venstre) seier at elevane gleda seg til at roboten skulle koma, og at han ikkje overraskande fekk ein del merksemd i starten. Her er ho saman med kollega Solveig Garmo.

Foto: Even Lusæter / NRK

Naturleg del av klassemiljøet

I 5. klasse på Loar skule i Lom har roboten alt vorte godt integrert.

– Vi hadde fortalt elevane at Emma skulle få ein slik robot, og dei gleda seg skikkeleg til han skulle koma, seier lærar Grethe Aurmo.

Og den nye klassekameraten var såpass interessant at han stal ein del merksemd i starten.

– Den fyrste timen veit eg ikkje om læringsutbytte var så stort, men etter kvart har han vorte ein naturleg del av klassemiljøet, seier Aurmo blidt.

roboten er med på gruppearbeid

KLASSEVEN: Ein robot har blitt ein naturleg del av klassemiljøet på Loar skule i Lom. Roboten kan stå på pulten og kan styrast frå ein smarttelefon. Her er roboten med på gruppearbeid.

Foto: Even Lusæter / NRK

Mange får robothjelp

Kvart år er det over 6000 barn mellom fem og nitten år som ikkje kan ta del i vanleg klasseromsundervisning grunna sjukdom – men den kvite roboten kan gjera kvardagen litt betre for dei som blir råka.

Firmaet No Isolation har utvikla roboten. Denne modellen er den einaste i sitt slag og har fått det mekaniske namnet AV1.

Firmaet opplyser at det til no er rundt hundre barn og unge som har fått tilbod om ein slik robot.

Sjølv om Emma har vorte glad i roboten, gler ho seg til jul, for på nyåret ska ho tilbake til skulen. Da skal roboten vidare og hjelpe eit anna barn som treng nokon til å møte opp på skulen for seg.

Flere saker fra Innlandet