Hopp til innhold

Elverum vann - Storhamar tapte

Etter ein jamn kamp reiste Elverum frå på slutten, og vann kampen mot Oppsal i eliteserien i handball i kveld. Storhamars kvinnelag tapte 29-26 borte mot Vipers Kristiansand.

Fyrste omgangen mellom Oppsal og Elverum var jamn og tett, og Elverum gjekk til slutt til pause med leiing 12-10.

Men i andre omgang heva det nyopprykka heimelaget seg, og etter sju minutt i andre omgang leia Oppsal 18-14.

Da måtte trenar Christian Berge fortelle spelarane nokre sanningens ord i ein timeout. Og det hjalp tydeleg, for Elverum kjempa seg inn i kampen att, og det vart jamnt og tett mot slutten.

Men rutina til fjorårets Noregmeister vart utslagsgjevande, og Elverum vann til slutt 26-23 borte mot Oppsal.

Tap for Storhamar

Storhamar fekk ein tøff kamp borte mot Vipers Kristiansand sundag kveld. Ved pause var stillinga 15-15.

I andre omgang var heimelaget hakket sterkare, og vann til slutt 29-26 mot Storhamar.

Flere saker fra Innlandet