Hopp til innhold

Eldrebølga gjev fleire hjerneslag

Talet på folk som blir ramma av hjerneslag kjem til å auka med 50 prosent dei neste 20 åra.

Kjell Vidar Olsen
Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

Det går fram av fjernsynsdokumentaren på NRK 1 i kveld.

Der vi møter lillehamringen Kjell Vidar Olsen og kampen hans tilbake til livet etter eit hjerneslag.

I Oppland og Hedmark blir rundt 1600 menneske ramma av hjerneslag årleg.

 

Talet kjem til å auka fordi det stadig blir fleire eldre.

Overlege Tone Hognestad

 

Mista taleevna

- Talet kjem til å auka fordi det stadig blir fleire eldre, seier overlege Tone Hognestad ved nevrologisk avdeling ved sjukehuset i Lillehammer.

Kjell Vidar Olsen (53) frå Lillehammer var på hytta då han vakna ein morgon og hadde problem med å prate. Han kunne heller ikkje gå, og trudde det var allergi som var årsaka til problema.

Men når hjerneslaget rammar, er tida knapp. Mange kunne unngått hjerneslag, viss dei hadde vore klar over forvarsla.

- Mange har små "drypp" der dei mister følelsen i arm eller fot, men det går fort over av seg sjølv. Folk kjenner seg trygge på at alt er i orden, seier Hognestad.

 

Kjell Vidar Olsen
Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

1600 slagpasientar kvart år i Innlandet

I programmet Kjell i slaget følgjer vi Kjell Vidar Olsens kamp attende til livet. I eitt år har NRK følgd Olsen., Vi møter han når han vaknar i sjukesenga etter operasjon og følgjer han i kampen for å få livet tilbake.

Han er ikkje åleine om denne erfaringa. Kvart år får 1600 personar i Oppland og Hedmark hjerneslag. Etter hjerteinfarkt og kreft er hjerneslag den mest vanlege dødsårsaka.

Men hjerneslag er og den viktigaste årsaka til alvorlege funksjonshemmingar.

Fleire eldre og dårleg livsstil

Kvart år blir 15.000 nordmenn ramma. Ekspertane meiner talet vil auke dramatisk på grunn av vår livsstil og at vi får stadig fleire eldre.

Hjerneslag rammar likevel både gamal og ung, kvinner og menn. Dei fleste som får hjerneslag får det som ein konsekvens av blodpropp. Ni av ti tilfelle av hjerneslag skuldast blodpropp.

Ved sjukehusa på Lillehammer og Kongsvinger har dei no sett i gang behandling som løyser opp blodproppar.

Flere saker fra Innlandet