Hopp til innhold

Ektemannen pågripen etter dødsfall

Ein mann i 50-åra er pågripen sikta for lekamsskading med døden til følgje etter at  kona vart funnen død på Lillehammer onsdag.

I dette huset vart kvinna funnen
Foto: Karl Erik Brøndbo / NRK

Den døde kvinna er ifølgje politiet av utanlandsk opphav og er i midten av 20-åra.

Mannen sit i kveld i avhør, men politiet vil ikkje kommentere kva han eventuelt har sagt.

- Har vore vald

Ifølgje politiadvokat Eystein Husby har dei ennå ikkje klar nokon dødsårsak, men han stadfestar at dei trur det har vore brukt vald mot kvinna.

- Kvinna vil bli obdusert ved rettsmedisinsk institutt i morgon, seier Husby.

Rusbelasta miljø

Det var mannen sjølv som meldte frå om dødsfallet til AMK-sentralen, som vidare varsla politiet.

Ifølgje operasjonsleiar Edmund Tofthagen ved Gudbrandsdal politidistrikt tilhøyrer dei to eit rusbelasta miljø.

Flere saker fra Innlandet