Hopp til innhold

Tøffare oppdrag for fjellets firbeinte heltar

Ekstreme fjellfolk gjev meir ekstreme redningsoperasjonar. I fjor vart Norske Redningshundar kalla ut på 462 redningsaksjonar. Det er fleire enn nokon gong.

– Eg kjenner at eg har ein stor hund. Det er 40 kilo å ha på ryggen, det merkar eg godt.

Med ein blytung, levande ryggsekk firar hundeførar Merete Nerhagen seg ned, sakte men sikkert. I fjellheimen ved Tyinkrysset i utkanten av Jotunheimen har det gått eit stort snøskred. Tre personar er sakna og må finnast raskast mogleg. Det er svært bratt og ulendt og veldig utfordrande for leitemannskapa å ta seg inn i skredområdet.

Hundeførar Nerhagen og den fire år gamle lavinehunden Pluto er av dei fyrste som blir sendt inn i området. Å ta seg inn frå botnen eller sida er for farleg, skal dei kome ned til skredet må dei firast ned.

– Det gjekk veldig fint, vi er godt sikra. Nå er poenget å kome i søk så fort som mogleg, seier Nerhagen, før ho sendar Pluto ut på leiting.

Farlegare redningsoperasjonar

I gnistrande sol på langstrakte fjellvidder like ved E16 har Norske Redningshunder sitt årlege hovudkurs. Her skal dei leite, søke, gruble og grave for å vere best mogleg førebudd på komande oppdrag.

Det kan dei trenge, både hundar og hundeførarar får stadig meir å gjere, og stadig fleire utfordringar. I fjor vart dei kalla ut til 462 søk, berre sidan 2010 har talet på oppdrag auka med 35 prosent.

Dei blir kalla ut på alt frå leiting etter demente, søk etter menneske som har varsla at dei vil ta sitt eige liv, til leiting etter folk som har gått seg fast i fjellet.

Samtidig blir oppdraga stadig meir ekstreme. Det blir fleire ekstremskikøyrarar, klatrarar og basehopparar. Og sjølv om flesteparten ikkje tek unødige sjansar, gjev dette fleire utfordrande oppdrag for redningshundane.

– Det har vorte fleire som køyrer i veldig bratt terreng. Men det er ikkje alle som har den kunnskapen om fjellet som fjellfolket kanskje hadde tidlegare, seier styreleiar i Norske Redningshunder, Knut Skår.

Det gjer at redningsoppdraga blir farlegare og redningsmannskapa må omstille seg.

Han viser til snøskred i Hemsedal for eit drøyt år sidan, der det var så bratt og vanskeleg terreng at Norske Redningshundar ikkje kunne nyttast.

Han har også vore med på redningsaksjonar etter at basehopparar har vorte sitjande fast i fjellet, der det har vore vanskeleg å kome til for redningsmannskapa.

Slike situasjonar håpar dei i størst mogleg grad å unngå i framtida.

– Vi blir aldri fjellklatrarar, men vi må kunne sikre både oss og hunden, blant anna gjennom samarbeid med til dømes alpine redningsgrupper. Vi øver nå mykje på korleis vi kan kome oss sikkert til eit skredområde, korleis vi skal kunne firast ned, og korleis vi skal søke i ekstreme område, seier Skår.

Sjå korleis Merete Nerhagen og redningshunden Pluto jobbar for å finne folk som er teke av skred.

Sjå korleis Merete og Pluto arbeider i eit skred.

– Ufortent dårleg rykte

Redaktør i Fri Flyt Erlend Sande er sjølv ivrig frikøyrar, og tykkjer det er bra og naturleg at redningsmannskapa tilpassar seg dagens situasjon.

Erlend Sande

Erlend Sande tykkjer det er bra at Norske Redningshunder blir enda betre på å søke i bratt terreng.

Foto: privat

– Det er veldig mange som ferdast i bratt terreng i fritida. Det har vorte eit for stort skille mellom skikulturen, med folk som går på topptur og driv med frikøyring i bratt terreng, og den organsierte redningstenesta. Det er ikkje så mange der som har den kompetansen.

Han understrekar at frikøyrar og toppturfolk har ansvaret for sin eigen tryggleik.

– Det er ingen som reiser på tur og tenkjer at ein skal bli redda av redningsmannskap. Den moglegheita ein har for å bli redda er ved hjelp av kameratredningsustyr. Det aller viktigaste er uansett at ein skal gjere dei rette vurderingane slik at ein ikkje hamnar i trøbbel.

– Har dykk eit ufortent dårleg rykte?

– Det er mange som er raske til å hive seg på og påstå at folk er uforsiktige, utan at eg kan sjå at det stemmer. Det er veldig mange fleire som har starta å gå toppturar og køyrer i bratt terreng, utan at talet på ulykker har auka så mykje. Men av og til gjer folk feilvurderinger og er uheldige, og da er det behov for redning.

Sande meiner at kunnskapen skikøyrarane sjølve sit på godt kan nyttast enda meir i redningstenesta.

– Mange er gode på ski og har mykje erfaring, så den kompetansen bør kome enda meir inn i redningstenesta. Den alpine redningsgruppen som består av klatrarar er veldig god, og noko tilsvarande med skifolk kunne vore eit godt tilskot.

Redningsøvelse

Mange kubikkmeter med snø blir flytta i løpet av ei veke med skredøving.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Vil redde liv

Å bli godkjent som redningshund er ein nøysam og tidkrevjande prosess. Å lære opp ein ettersøkings- eller lavinehund tek to til tre år.

Hundeføraren må lære å utnytte hunden sin fantastiske luktesans, må kunne fyrstehjelp, bruk av kart og kompass, samtidig som dei må lære å ta vare på seg sjølv og hunden under krevjande redningsaksjonar.

Alle slags hunderaser, også blandingshunder, kan nyttast som redningshundar. Dei mest brukte rasene er til dømes schäfer, retrieverrasene, rottweiler eller gjetarhundar.

Banditt

Redningshundar kjem i alle storleiker og fasongar. Banditt er ein av dei minste og mest hårete.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Merete Nerhagen og den fire år gamle Chesapeake bay retrieveren Pluto er relativt ferske som redningsmannskap.

– Eg ynskjer å gjere ein samfunnsnyttig innsats og vere med og redde liv. Pluto er ein god hund som gjer at vi har vorte godkjent, og er klare til å rykke ut når alarmen går.

Friviljug arbeid

Rike blir dei ikkje, både trening og redningsaksjonar er friviljug arbeid. Og slik må det vere, meiner styreleiar Knut Skår.

– Ein skal ikkje bli rik. Vi får dekt faktiske utgifter, elles ingen ting. Vi er ein del av det friviljuge apparatet i Noreg, og slik skal det vere. Det gjer at idealismen blant dei som er ute og jobbar er så stor som den er.

Likevel kunne han tenke seg at det vart lagt litt meir til rette for at dei skal kunne gjere ein best mogleg jobb.

– For dei som tek fri frå arbeid og ikkje får betalt av arbeidsgjevaren så blir det ei belastning. Det er noko vi håpar å kunne gjere noko med i framtida, at det blir mogleg å få kompensasjon for tapt arbeidsforteneste.

Belønning å redde folk

Attende i raset er Pluto og førar Merete Nerhagen godt i gang med leitinga. Lavinehunden snuser seg raskt fram til eit område i snøen, og byrjar å grave. Gravemannskap blir tilkalla, og kjem for å hjelpe hunden med å kome seg gjennom dei tunge snølaga.

Denne gongen er det heldigvis berre ei øving, og ein blid og opplagt engelskmann blir grave fram ut av sitt lune hi.

– Det er ei god belønning når det går bra. Det er det som er motivasjonen for å drive med dette her, seier Merete Nerhagen, og gjev Pluto eit velfortent klapp på ryggen.

Mick Sheard

Øvingsleiar Mick Sheard følgjer med på det som skjer.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Flere saker fra Innlandet