NRK Meny
Normal

Eksplosjon i biovarmeanlegg

I Tynset har det vore eksplosjon i ein pelletssilo.

Brenselsomnen forsyner store delar av Tynset sentrum, blant anna sjukehuset, med varme, og det blir nå arbeidd for å halde pelletsomnen i gang.

- Så lenge vi finn ei løysing slik at vi kan fylle pellets på siloen, så er det inga krise, seier driftsleiar Ola Bergfinn Røe ved NØK Holmen biovarme.

Det er rundt 35 minusgrader i området, og ein stans av varmeanlegget ville fått store konsekvensar i kulda.

- Det verste som kunne skjedd, er at anlegget stoppa, slik at det ikkje kunne drivast, seier Røe.

Men han reknar ikkje med at det blir problem å halde anlegget i gang.

Flaks

Ingen vart skadde under eksplosjonen. Men på ein vanleg skoledag kunne det sett annleis ut, seier Røe.

- Store delar av treverk vart spreidd både ut på riksvegen og på andre sida av vegen. Derfor var det berre flaks at ingen var der og vart skadd.

Eksplosjonen skjedde ved ni-tida i dag tidleg. Det var ein støveksplosjon, som truleg har skjedd på toppen av siloen, seier Røe. Det blir nå arbeidd for å finne ei provisorisk løysing som sikrar at det kan fyllast pellets på siloen. Dei har nå begynt å rive treverket som er utanpå stålsiloen.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Granstunnellen åpner trolig i kveld

    Granstunnellen på rv 4 er stengt pga at vann har flommet inn fra elva Vigga. – Vi håper vi klarer å åpne kl. 23 i kveld, sier Asbjørn Stensrud, seksjonssjef i Vegvesenet.

  • Rask kjøring i Kongsvinger

    UP har hatt fartskontroll i 80-sonen i Masterudvegen i Kongsvinger. Det endte med 23 fartsovertredelser, 22 fikk forenklet forelegg og en mistet førerkortet. Høyeste fart ble målt til 116 km/t.

  • Trøbbel med polititelefon

    Politiet har problemer med sitt telefonnummer 02800. I Innlandet kan publikum ringe tlf. 62 53 90 00. Nødtelefonen 112 fungerer som den skal, melder politiet i Innlandet.