200 personar med sjukleg overvekt står i kø for å bli operert i Helse Aust-regionen.
Helse Aust har pålagt Aker universitetssykehus i Oslo å utføre 40 operasjonar i år og 70 neste år, og nå er dei fyrste opererert.
- Men det er ikkje nok, seier seksjonsoverlege Carl Fredrik Schau på Aker universitetssykehus.
Det er lang kø for å bli slankeoperert i Helse Aust.
Eit nytt liv
Bjørn E. Berntsberg frå Skammestein i Valdres vart operert i Sverige i fjor.
Han seier han har fått ein heil ny kvardag etter slankeoperasjonen.
- Eg har fått energi, livslyst og meir gnist, rett og slett. Eg er veldig godt nøgd med operasjonen, seier Berntsberg som har mista 54 overflødige kilo.
Eg er veldig mykje lettare nå, seier han.
Dyre operasjonar
- Det er ein komplisert og risikofylt operasjon, fortel seksjonsoverlege Carl Fredrik Schau på Aker universitetssykehus.
Det er kostbart både å utgreie og gjennomføre slankeoperasjonane, og pasientane treng oppfølging resten av livet.