Hopp til innhold

– Eg trudde det var ein skogbrann

Over store deler av Innlandet kunne ein tysdag kveld sjå eit lite naturfenomen som det kan gå nokre år til du får sjå neste gong.

Pollensky

POLLENSKY: Slik såg det ut da enorme mengder pollen vart slept laus frå grana tysdag. Biletet er teke Baklia på Jørstadmoen.

Foto: Knut-Roger Tangnes / Privat

Anne Mæhlum var ein mange som tok fram kameraet på mobilen da ho hamna midt i ei stor gul sky tysdag kveld. For da ho skulle køyre frå Moelv til Brøttum etter å ha hente nokre jenter på trening, fekk ho seg eit lite sjokk.

Anne Mæhlum

SKOGARBEIDAR: Anne Mæhlum arbeider som konsulent i Mjøsen Skog.

Foto: Privat

– Det såg ut som ein skogbrann. Det kom som ei diger gul sky som dekte om lag heile Moelv, seier Mæhlum.

Men ho skjønte raskt at det ikkje var ein skogbrann, men heller ein eksplosjon av pollen.

Wenche Lien i Bjoneroa på Hadeland filma også pollenskyene frå heimen sin.

– Det var heilt magisk. Eg har aldri sett noko slik før, og eg vart jo heilt støva ned, skrattar Lien.

Og dei er ikkje dei einaste som opplevde fenomenet i går. NRK har fått mange filmar og bilete frå publikum (sjå nedst i saka).

Store skyer av pollen spredde seg over Innlandet tirsdag.

Store skyer av pollen spreidde seg over Innlandet tysdag.

Grana som blomstrar

Hallvard Ramfjord er pollenanalytikar for Noregs Astma- og Allergiforbund. Han er også imponert over fenomenet.

– Det er eit imponerande syn.

Pollensky

FLOTT SYN: Det gule granstøvet låg tjukt over landskapet. Biletet er teke frå Baklia på Jørstadmoen.

Foto: Knut-Roger Tangnes / Privat

Han forklarar at årsaka til dei enorme gule skyene skuldast at grana blomstrar i år. Og når ho fyrst blomstrar, så slepp ho laus enorme mengder med pollenstøv.

– Grana er ein «vindbestøver» som ikkje har luksusen med at ho har insekt som fraktar pollenet for seg. Da må ho kompensere med store mengder pollen, slik at ein liten fraksjon av pollenet skal falle ned på ein hoblomster, og så danne frø, seier Ramfjord.

Ramfjord forklarar at blomstringsår for gran skjer med jamne mellomrom. Om lag kvart fjerde og femte år.

Årsaka til at det i går vart danna store gule skyer er fordi ein i tillegg fekk litt vind som fraktar pollenet raskt.

Ikkje farleg

Hallvard Ramfjord

POLLENANALYTIKAR: Hallvard Ramfjord er tilsett ved Institutt for biologi ved NTNU, og han er analytikar for Noregs Astma- og Allergiforbund.

Foto: NTNU

Etter ei slik spreiing av pollen frå gran kan vi no forvente eit skikkeleg «kongleår» neste år, skal vi tru Ramfjord.

– Ho blomstrar kraftig eitt år, og så kjem det ofte veldig mykje konglar på trea året etterpå.

Sjølv om dei enorme mengdene med pollen nok kan opplevast skremmande for allergikarar, fortel Ramfjord at gran- og furupollen ikkje er allergiframkallande slik som for eksempel bjørk.

– Men pustar ein inn store mengder med dette, så kan ein kjenne eit ubehag og ein får naturlegvis ein reaksjon. Det blir eigentleg det same som å puste inn mykje husstøv, seier Ramfjord.

Flere saker fra Innlandet