Hopp til innhold

Ein av verdas beste hundekøyrarar til Synnfjell

TORPA (NRK): Han har budd på gata og vore kreftsjuk to gonger, men har blitt ein av verdas beste hundekøyrar. No konkurrerer han i hundeløpet Mush Synnfjell som går av stabelen i Nordre Land kommune i Oppland.

Lance Mackey med sonen og hunden

FAMILIEFERIE: Lance Mackey tok med heile familien sin til Torpa for å konkurrere i hundeløpet Mush Synnfjell i Nordre Land.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Denne sporten er meir enn ein sport, det er ein livsstil. Du ser ingen finare bilete enn du gjer frå hundesleden. Det handlar om å leve livet og sjå meir enn du gjer i hagen din. Eg reiser heller rundt i verda med hundane enn i fly, seier Lance Mackey.

Han var den fyrste i verda til å vinne Iditarod i Alaska, eit av verdas lengste og tøffaste hundeløp heile fire gonger på rad. Han meiner sjølv å ha hatt litt flaks, men er blitt ein av dei beste i verda.

Personleg invitasjon

Hundekøyraren fekk personleg invitasjon til å delta på Mush Synnfjell. Av helseomsyn skal han ikkje konkurrere heime i Alaska i år, så han hadde derfor høve til å takke ja til invitasjonen.

– Det har allereie vore eit minne for livet. Mange nordmenn har vore i Alaska og konkurrert i Iditarod, så det er fint å komme hit og sjå korleis dei gjer ting her. Vi kan lære mykje av det, seier Mackey.

Mackey tok med seg kona Jenny Smith og den vesle sonen deira på familieferie til Torpa. Der har dei fått låne eit hus i nærleiken av hundekøyraren Thomas Wærner. Wærner låner også bort hundane sine til Mackey.

– Det betyr mykje å få låne hundane. Eg veit kor vanskeleg det hadde vore for meg å gi andre hundane mine. Folk her har teke oss inn, og har vore veldig snille med oss, seier Lance Mackey.

Thomas Wærner og Lance Mackey

GJESTFRI: Wærner låner bort hundane sine, og Mackey har fått låne naboen sitt hus.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Eit forbilde

Hundekøyraren Thomas Wærner er veldig glad for å ha fått mannen frå Alaska til Noreg. Mackey er ein stor inspirasjonskjelde for han.

– Mange av triksa eg brukte då eg vann Finnmarksløpet har eg lært av Lance, fortel han.

Wærner meiner Mackey er ein av dei mest unike hundekøyrarane som har vore nokon gong, og har ingen problem med å låne bort hundane sine.

– Måten han køyrer hundane på, og behandlar dei på likar eg veldig godt. Han kjem i mål med hundar som er så glade og friske. Eg er heilt sikker på at hundane mine kjem til å ha ein fin tur i helga, seier Wærner.

Flere saker fra Innlandet