Hopp til innhold

Ei heilt spesiell mediesak

Tysdag startar rettssaka mot Rune Øygard i Sør-Gudbrandsdal Tingrett. Vågåordføraren står tiltalt for å ha forgripe seg på ei mindreårig jente.

Inger Johanne Solli
Foto: Anne Næsheim / NRK

Kommentar av distriktsredaktør Inger Johanne Solli


Saka er den mest medieomtalte i Gudbrandsdalen på mange år. Interessa for sjølve rettssaka er enorm, meir enn 50 presse- og mediefolk kjem, dei fyller opp både rettssal 1 og 2. Den vesle tingretten får prøvd seg i ein moderne mediekvardag.


Media har til alle tider dekt rettssaker. Retten har som hovudregel at den er open for presse og publikum. Det er fordi publikum skal få sjå kva som går føre seg og faktisk sjølv gjere seg opp ei meining. Og i vårt demokrati er det eit viktig prinsipp at publikum/media er i retten for å sjå til at den som er tiltalt eller fornerma får ei rettferdig handsaming. Vi rapporterar til alle dei som ikkje kan vere tilhøyrarar i retten. I motsatt fall, om vi i media ikkje kunne dekke rettssaker, ville det rokke ved heile rettsstaten. Det skal svært mykje til for å lukke ein rett, i denne saka har vi i media argumentert med at den bør vere open. Privatlivets fred i seg sjølv er sjeldan ein grunn til å lukke ein rett. Særleg når tiltalte som ber om det er ein ressurssterk og innflytelsesrik person.

Kva er så viktig


Det kan vere grunnlag for å reflektere over kva retning media tek. Og akkurat i dette tilfellet spørje: Kva er så viktig med denne saka, som gjev t.d ein seriøs nyheitsaktør som NRK grunn til å vere der med mange journalistar? Eller solide lokale media som GD og Fjuken, som elles ikkje lar seg rive med av det som i journalistspråket blir kalla blodtåka, eller treng sensasjonar på førstesida for å selje aviser.

Svært alvorleg

Det kan vere vi i media blir svar skuldige, men vi veit i alle fall kva element saka inneheld som gjer at vi vil og må følgje rettssaka:
- Den tiltalte er ein kjent person som har vanka blant landets mektigaste, på toppen av Arbeidarpartiet.
- Tiltala er svært alvorleg.
- Den tiltalte har i alle år representert kommunen sin som eit stort førebilete. I følgje tiltala (det er den vi har å halde oss til før retten er satt) har han gjort alvorlege overgrep mot ein mindreårig. Om han blir dømd er fallet dramatisk.
- Den tiltalte ordføraren har vore ein del av varemerket Vågå dei 12 åra han har sitte. I retten kan vi få svar på om det finst nokon som har visst/ant/tenkt noko om tilhøvet mellom han og jenta utan å ha varsla . Eller kanskje spurt ordføraren sjølv om kvifor han har brukt så mykje tid på jenta.
- I denne saka kan ingen si at det har vore førehandsdøming. Kun eit fåtal av media har bretta ut detaljar frå etterforskinga. Her kjem det til å kome opp bevis mot den tiltalte eller motargument som ikkje har vore framme før.
- Og det viktigaste: I retten får vi høyre jenta som er den fornerma i saka for første gong. For medan tiltalte har stått fram i media fleire gonger og hevda si uskuld, er det nå hennar tur til å gje sin versjon.

Massiv omtale


Det kjem til å bli massiv omtale i alle media dei første dagane. Noko som i tillegg til elementa ovanfor også har samanheng med at det nå finst så mange media på grunn av den digitale utviklinga og fordi det gjeld å rapportere raskt. Mange av dei største mediahusa sender mange journalistar til Lillehammer. Slik også med oss her i NRK Hedmark og Oppland.
Journalistane våre skal dekke for riksmedia, slik som Dagsnytt, Her og Nå, Dagsrevyen og nettsida NRK.no. Og sjølvsagt også for oss sjølve lokalt, i radio, NRK Østnytt og mest her på nettsida vår NRK.no/ho. Eit viktig poeng for oss er å beskytte identiteten til privatfolk som vitnar og alle som kan bidra til at jenta blir identifisert. Slik ønskjer vi altså på alle måtar gjere den jobben det er tenkt media skal i retten: Overvake, vurdere, redigere og rapportere.

Flere saker fra Innlandet