Sjå sjokkbilda frå dyretragedien
Fire av hundane omkom i løpet av helga, og dødsårsaka kan ha vore underernæring. Det opplyser seinorinspektør i Mattilsynet, Elsa Hasvold til Oppland Arbeiderblad.
Hundane er nå sendt til obduksjon på Veterinærinstituttet i Oslo. Den femte hunden som er død, vart avliva da Mattilsynet, dyrevernnemnda og politiet aksjonerte mot småbruket sist torsdag.
To av hestane skal også ha vore i svært dårleg form da styresmaktene aksjonerte, ifølgje Hasvold.
Hestane i livsfare
– Dei to yngste var veldig tynne. Dei ville ikkje ha levd meir enn kanskje eit par veker til, opplyser Hasvold til OA.
Totalt 28 dyr vart henta ut frå garden, av dei var det 25 hundar og 3 hestar.
Dette er andre gongen kvinna er blitt tatt for misleghald av dyr. For to år sidan vart like mange hundar tatt frå henne på grunn av vanskjøtsel.
Fredag melder dyrevernnemda for Gjøvik og Toten kvinna til politiet for vanskjøtsel. Dei ønskjer også at retten til å ha dyr skal bli tatt frå henne for all framtid.