Hadelendingar reagerer på bomavgifta på det nye tverrsambandet mellom Roa og Gardermoen på RV 35. Når vegen opnar om eit halvt år, blir bomavgifta på 30 kroner.
- Prisen måtte opp
Bomavgifta var stipulert til 25 kroner, men blir altså fem kroner dyrare.
- Vi har hatt ei generell prisauke sidan dette vart bestemt. I tillegg til at kostnadane ved tunnellbygginga vart større enn planlagt, måtte prisen opp, seier fylkesordførar i Oppland, Hans Seierstad. Den nye bomvegen mellom Roa og Gardermoen er tre mil kortare.
Fylkesordførar i Oppland Hans Seierstad seier bomavgifta måtte bli dyr.
- Tryggare veg
Halvard Olimb i Naf Hadeland tykkjer ikkje prisen er så gale, og legg vekt på ein har fått ein tryggare og meir trafikksikker veg.
Dersom du kjører til Gardermoen kvar dag heile året, betalar du 8.000 kroner i bompengar. På den andre sida kjører du 6.500 kilometer kortare, og sparer omlag 5.000 kroner i bensin.