NRK Meny
Normal

Driftsbygning totalskadd i brann

Ei driftsbygning med 19 storfe på Roa på Hadeland er totalskadd i brann. Alle skal no vera redda ut i live, men fleire av dyra har synlege brannskadar.

19 storfe redda ut frå driftsbygning på Roa på Hadeland.

Driftsbygninga på ein gard på Roa på Hadeland vart i føremiddag totalskadd i brann. Politiet fekk melding om brannen klokka 11.16, Då naudetatane kom til staden var låven totalt overtent. Røykdykkarar sette raskt i gang og gjekk inn i det overtente fjøset.

Alle dyra redda ut

Det var lenge usikkert kor mange dyr det var i fjøset, men politiet stadfestar no at det var 19 storfe inne då brannen tok til. Alle er no redda ut i live. Nokre av dyra skal ha brannskadar og har vorte undersøkt av veterinær.

Innsatsleiar Kristian Plassen seier at veterinæren har undersøkt dyra, og at alle skal vera ved god helse. Dyra blir nå frakta til naboar og husa der.

Det var ei tid fare for at brannen skulle spreie seg til eit bustadhus på tunet, så brannvesenet skumma ned eine veggen.

– No blir området sperra av, og det blir føretatt avhøyr, seier innsatsleiar Plassen. Vidare skal det gjennomførast kriminaltekniske undersøkingar. Brannårsaka er ikkje kjent.

Innsatsleiaren rosar brannvesenet og naboar for god innsats.

Tenkte berre på dyra

– Eg vart møtt av eit flammehav, seier bonde Tom Ellefsrud.

Han og ein nabo skulle setja inn ei trapp i driftsbygninga, og dei var nede på Maxbo då brannen tok til. Då dei kom att stod flammane over taket. Det var ein nabo som varsla brannen.

– Eg tenkte berre på dyra, seier Ellefsrud.

Han var sist innom fjøset klokka 10, og klokka 11.16 fekk politiet melding om brannen.

Innsatsleiaren rosar no brannvesenet og naboar for god innsats.

Roa brann

Låven er nå heilt nedbrent.

Foto: Eivind Marcelino / NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND