Draumen om ein Stradivarius

Familien til Ole Røthe på Lillehammer har hatt ein fiolin liggande på loftet i fleire generasjonar. Han trur det kan vera ein ekte Stradivarius.

Ole Røthe.

Ole Røthe drøymer om at den gamle fiolinen kan vera ein ekte Stradivarius.

Foto: Øystein Skotte / NRK

Det flotte instrumentet er merka med årstalet 1722 og namnet på den berømte fiolinmakeren Antonio Stradivari.

I går hadde Ole Røthe besøk av to kunst- og antikveitetsekspertar frå Oslo som kom for å vurdere om klenodiet kan vera ein ekte Stradivarius-fiolin.

Spesiell klang

- Det er eit svært pent instrument, slår antikvitetsekspert Trond Schøning frå Blomqvist kunsthandel i Oslo fast.

Anotnio Stradivari var ein gudbenåda fiolinmakar i Italia på seksten og søttenhundretalet. I dag er Stradivarius-fiolinar blant dei mest anerkjente fiolinane i verda, og det skal finnast rundt 650 Stradivariusar i alt. Fiolinisten Arve Tellefsen seier at det er den særeigne Stradivarius-klangen musikarane set spesielt pris på.

- Stradivarius-fiolinane har ein veldig vakker og fyldig klang. Det er det som gjer dei så etterpurde blant musikarar.

Ekspert-vurdering

- Kva kan ein Stradivarius vera verd?

- Hvis du har ein på loftet kan du kanskje rekne med å cashe inn 20-30 millionar kroner, seier Arve Tellefsen.

Ekspertane veit kvar dei aller fleste Stradivariusar er. Berre nokre få av dei har ukjent adresse, for å seia det slik.

Trond Schøning.

Trond Schøning frå Blomqvist kunsthandel studerer fiolinen.

Foto: Øystein Skotte / NRK

Tysdag var Trond Schøning frå Blomqvist kunsthandel i Oslo på besøk hjå Ole Røthe på Lillehammer for å ta det spesielle instrumentet hans i augesyn, og vurdere om det kan vera ein ekte Stradivarius. Men det tek ikkje lang tid for Schøning å slå fast at det ikkje er det.

Forfalsking

- Det er ingen Stradivarius. Men eg veit akkurat kva det er: Denne fiolinen er laga i Tyrol eller Schwarzwald på slutten av 1800-talet. Det var vinterarbeid for bøndene der. I løpet av ein vinter kunne ein bonde lage opptil ti slike fiolinar som han så selde på marknaden når våren kom. Etikettane med namnet til Stradivari kjøpte dei også i byen. I dag hadde du vorte anmeldt for ei slik forfalsking, men den gongen var det ikkje så nøye.

Schøning reknar med at fiolinen til Ole Røthe kan ha ein verdi på omlag 3000 kroner.

Og eigaren av instrumentet fekk nok stadfesta det han inst inne hadde trudd, sjøl om han nok hadde eit ørlite håp om å tjene nokre millionar.

- Eg hadde kanskje håpa at ein rik amerikanar frå las Vegas hadde vore villig til å ta sjansen på at den var ekte, seier han med eit litt resignert smil.