Hopp til innhold

"Til Dovre faller". Kvifor sa dei eigentleg det?

«Enig og tro til Dovre faller». Med denne eiden avslutta grunnlovsfedrene møtet på Eidsvoll den 20. mai, 1814. Men kvifor svor grunnlovsfedrene ved fjellet over Dovre, og ikkje ved kongen eller ved Gud?

Dovrefjell sentralt i historia om "det norske".

Sjå video om Dovrefjell. Foto og redigering: Arne Sørenes.

Gro Steinsland er pensjonert professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo. I fleire år har ho forska seg stadig lengre tilbake i historiane og mytene som omgjer det sagnomsuste Dovrefjell. No er ho i sluttfasen av eit stort skriveprosjekt som etter planen skal ende i ei ny bok til hausten. Ho meiner at vi må gå langt tilbake i historia for å forstå kvifor det var naturleg for eidsvollmennene å svergje truskap ved nettopp Dovre:

– Alt i vikingtida var Dovrefjell eit samlings- og felleskapssymbol, eit symbol på landet. Og så kan du følge historia om Dovre inn i sogetida gjennom kongesogene og vidare opp gjennom historia. Forteljinga om Dovrefjell er ei av dei verkeleg store og lange historiane vi har.

Gro Steinsland

Professor i religionshistorie, Gro Steinsland.

Foto: arne sørenes / nrk

Ei utfordring for kongsemne

Steinsland fortel at Dovrefjell er nemnd i eit dikt frå vikingtida som omtalar Håkon Jarl (fødd ca år 935. Død 995) som Dovrekongen. Håkon Jarl var eineherskar i Noreg i perioden 970 - 995, og var ein stor krigar både i norsk og nordisk perspektiv. Dette diktet skal vere den første kjelda som brukar Dovre som eit symbol på landet.

Seinare i mellomalderen vart Dovrefjell ein stad der kongsemnene fekk prøve kreftene sine. Dette skriv seg frå dei eldre historiene om Harald Hårfagre som er nemnd fleire gonger i sogene til Snorre. Harald hadde tilnamnet Harald Dovrefostre, og sogene seier at han vart fostra opp i Dovrefjell av ein jotne. Steinsland fortel at også seinare kongsemne måtte til Dovre for å herdast.

Kongane måtte til Dovrefjell. Der skulle dei modnast og lærast opp i fjellet.

Gro Steinsland

Skapelsesmyte

Men Dovrefjell står også sentralt i ei skapelsesmyte med røter djupt i dei eldste laga av den nordiske kulturhistoria. Gro Steinsland fortel om ein jotne som budde i det ytterste nord, og som hadde sønene Nor og Gor, og dottera Goe. Ein dag vart Goe borte, og brødrene drog ut for å finne henne. Gor reiste langs kysten, men Nor gjekk på ski sørover i fjellheimen.

– Nor går på ski frå nord til sør, og strekar så og seie opp det som skal bli landet Noreg. Søstera har i mellomtida slått seg ned inne på Dovrefjell saman med Svae, ein annan son av ein jotne, og der avlar dei dei første nordmennene. Slik blir landet på ein måte konstituert på Dovre, samstundes som dei første nordmenna oppstår på Dovrefjell.

Pilgrimsveg

I dag går E6 over fjellet og knyter Sør-Trøndelag saman med Oppland. Vegen over Dovrefjell har vore ein sentral ferdselsveg mellom nord og sør så lenge det har budd folk i Noreg. Etter at Olav den heilage døydde i 1030, og seinare då Nidarosdomen var bygd, vart vegen over Dovrefjell også ein sentral pilgrimsveg, i tillegg til å vere handelsvegen i innlandet mellom nord og sør. Slik vart Dovrefjell viktigare i kvardagen til folk flest.

Hans Jacob Dahl

Hans Jacob Dahl, dagleg leiar av Pilgrimssenteret, Dovrefjell

Foto: arne sørenes / nrk

Hans Jacob Dahl har vore sokneprest i Dovre i 25 år. No er han dagleg leiar for Pilgrimssenter Dovrefjell på Hjerkinn. Gjennom eit langt arbeids- og turliv i og ved Dovrefjell har han møtt mange menneske som søkjer mot fjellet, både pilgrimar og andre.

–Vi merkar at fjellet framleis har ei sterk dragning på moderne menneske. Det å gå over Dovrefjell betyr stadig noko for folk. Fjellet tilbyr rom for å bruke kroppen i naturen, samstundes som ein kan reflektere over viktige verdiar i livet. Og vi merkar at namnet Dovrefjell har ei eigen klang, særleg for dei norske pilgrimane og turistane.

Nasjonalt monument på Hjerkinn

Grunnlovsvarden på Hjerkinn, reist til 150-års jubileet for grunnlova i 1964

Foto: Arne Sørenes / nrk

Grunnlova byggjer på historia.

Men tilbake til utgongsspørsmålet: Kvifor såg eidsvollsfedrene mot Dovre og Dovrefjell då dei skulle svergje truskap mot grunnlova og enighet til evig tid?

Gro Steinsland meiner svaret ligg i at Dovre overlevde og vart hugsa som nasjonalt symbol heilt frå vikingtida og fram mot 1814. Gjennom dansketida levde dei urgamle mytene på folkemunne, og på 1700-talet kom opplysningstida med begeistring for fjellet og naturen.

- Og mykje av dette vart tatt opp og spunne vidare på av "Det norske selskap" i Københamn, dette miljøet av norske studentar og kunstnarar på slutten av 1700-talet.

Steinsland vektlegg at eidsvollmennene var svært medvitne om at dei skulle byggje den nye grunnlova på historia. Ho fortel at Henrik Wergeland seinare brukte biletet om dei to halve gullringane som vart smidd saman til ein på Eidsvoll. Ein gammal og ein ny. Den gamle halvringen var historia.

Disse folka på Eidsvoll kjente historia. Dei visste kva dei snakka om, takka vera dei gamle overleveringane. Og når vi då kjem til Eidsvoll i 1814, så lyd det frå mange stader dette at ein skal svergje truskap. Og Dovrefjell står heile tida som det historiske bakteppet. Dovre var det eldste biletet på Noreg grunnlovsfedrene kjente til.

eing og tro til Dovre faller

Detalj frå grunnlovsvarden på Hjerkinn.

Foto: arne sørenes / nrk

Flere saker fra Innlandet