Barnehageassistent Siv Trine Skjølseth hadde invitert barnehagen heim til Hernes i Elverum.
Men det gjekk skikkeleg gale da ho skulle lage vaflar til ungane. Ho var i gang med vaffelrøra og hadde sett ein kjele med smør på plata, da det ringde på døra. Det var ungane i barnehagen som kom, og Sjølseth gløymde smøret. Da ho såg røyk i gangen, skjønte ho at smøret i gryta hadde tatt fyr.
Til alt hell greidde Skjølseth sjølv å sløkkje den vesle brannen.
Brot på brannvernlova
Likevel blir ho dømt for brot på brannvernlova, og straffa med 1500 kroner i bot. I tillegg blir ho oppført i strafferegisteret etter dommen i Sør-Østerdal tingrett, skriv VG.
Retten slår fast at ho handla kvalifisert uaktsomt da ho gjekk frå smøret på komfyren, og at det ikkje finst straffriheitsgrunnar.
Dyre vaflar
- Eg var dum nok til å ringe brannvesenet etter at eg hadde sløkt. Eg ville gjerne at dei skulle koma for å sjekke at alt var bra. Det skulle eg ikkje gjort, seier Skjølseth til avisa.
For brannvesenet melde frå til politiet, som kom på døra same dag.
Det høyrer med til historia at alle ungane fekk smake vaflar etter kvart, og at dei andre i barnehagen tykkjer det vart veldig dyre vaflar..