Ein personbil og ein bil med campingvogn frontkolliderte i ulykka i Gudbrandsdalen.
Ein person døydde på staden, medan ein annan omkom på veg til sjukehuset på Lillehammer.
- Den eine bilen må ha kome over i motgåande kjørefelt, men det er for tidleg å seie kven av dei det er, seier operasjonsleiar Sigmunn Kåpvik ved Gudbrandsdal politidistrikt.
To tyske bilar var involvert i ulykka ved Hundorp. (Foto: Ulf Erik Hansen/NRK)
70-åring alvorleg skadd
Ein 70 år gamal tysk mann ligg alvorleg skadd på Ullevål universitetssykehus etter en ulykka.
I følgje sjukehuset har mannen alvorlege bryst- og bukskadar, og tilstanden hans er ikkje stabil.
En annen tysk mann ligg på sjukehuset i Lillehammer med moderate skadar. Tilstanden hans er stabil, og han er operert for brotskadar.
E6 var stengt ved ulykkesstaden i tre timar.
Begge bilane som var involvert i ulykka er tyskregistrerte.
Sat fastklemt
Dette er den andre dødsulykka på E6 på Austlandet på under eit døgn. Like før midnatt måndag omkom to kvinner i 50-åra i ein frontkollisjon i Eidsvoll kommune i Akershus.
Fem personer vart alvorleg skadd i den ulykka.
– For ei av dei fem er skadene livstrugande, seier operasjonsleiar Jan-Erik Fossneset i Romerike politidistrikt.
Ein av dei skadde sat fastklemt i bilvraket i om lag ein halv time etter ulykka. Dei to kvinnene som mista livet, var passasjerar i kvar sin bil. Ulykka skjedde ved ei innsnevring i vegen, 300 meter nord for Eidsvolltunnelen.
Forbikjørt av vogntog
Der går to kjørefelt over til eitt for bilar på veg sørover. Ifølgje operasjonsleiar Fossneset skal personbilen som var på veg sørover, ha blitt forbikjørt av eit vogntog like før ulykka.
Deretter mista føraren av personbilen kontrollen over bilen og havnet over i motgående kjørefelt.
– Korleis det skjedde, får etterforskninga avdekke. Vi har inntil vidare tatt beslag i vogntoget, seier Fossneset.