Bussen som kjørte i grøfta på riksveg 34 i Søndre Land 30. august, kjørte i 78 kilometer i timen i 60-sona.
Ei kvinne omkom i ulykka, 12 vart skadde.
Velta
Det er undersøkingar vegvesenet har gjort av bussen sin fartsskive som syner at bussen kjørte langt over fartsgrensa.
Politibetjent Kirsti Moslett, ved Søndre Land lensmannskontor, seier til Oppland Arbeiderblad at det ikkje er funne tekniske feil på bussen.
Det var 36 pensjonistar frå Oslo som var på tur i Oppland da ulykka skjedde. Bussen velta ned ei skråning etter å ha kjørt av riksveg 34 på Halmrast 8 kilometer sør for Hov i Land.
Hamna utanfor asfaltkanten
Bussjåføren sa i avhør at han møtte ein lastebil rett i forkant av utforkjøringen.
- Han har forklart at møte med lastebilen gjekk greit, men like etterpå møtte han ein annan bil, da måtte han legge seg langt over på høgresida av vegen og hamna utanfor asfaltkanten. Han klarte ikkje å få bussen opp på vegen att, sa lensmann Bjørn Anders Hoff i Søndre Land etter den tragiske ulykka.