Hopp til innhold

- Berit er eit offer

Berit Thorstensen sine forsvarar kallar inn nye vitne til ankesaka etter dobbeltdrapa i Søndre Land.

Berit Thorstensen

I dag startar rettsaka i Eidsivating lagmannsrett.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

I dag startar ankesaka etter dei to drapa som skjedde på ein gard på Vestsida i Søndre Land.

I januar 2008 vart Ragnar B. Abrahamsen funnen skoten på låven, og knappe tre veker seinare vart det funnen ein ny død person på garden. Denne personen låg i brønnen, og viste seg å vere Jan Petter Aarstad, som hadde vore sakna sidan 2006.

I tingretten vart i alt fem personar dømt til fengsel eller forvaring i mellom 17 og 21 år for å ha utført eller medvirka til eit eller begge drapa.

- Streva med å halde orden

Alle dei fem som vart dømt i tingretten anka saka, og behandlinga av dobbeltdrapssaka startar i Eidsivating lagmannsrett i dag.

Den 53 år gamle Berit Thorstensen har vorte framstilt som hovudpersonen, og aktoratet meiner ho var som ei gudmor, som trekte i trådane og manipulerte fram dei to drapa. Hennar forsvarar, Petter Sørensen, seier at Thorstensen tvert imot er eit offer i denne saka.

- Politiet og aktoratet har nok sett seg litt blind på si eiga arbeidshypotese. Eg håpar og trur at lagretten vil sjå med nye auger på dette.

Sørensen fortel at dei har kalla inn fleire nye vitne til ankesaka.

- Desse skal fortelje korleis Berit har streva med å halde orden på garden og dei som kom dit. Dessverer skjedde dette utan at dei som kom bidrog noko særleg.

- Viktig med strenge straffar

Aktor Torbjørn Klundseter kjøper ikkje denne framstillinga, og vil på ny peike på Berit Thorstensen som ei hovudkvinne i denne saka.

Han fortel at dei i hovudsak vil leggje fram saka på same måte som i tingretten, og meiner det er viktig at dei tiltalte blir dømt til strenge fengselsstraffar.

- Saka er svært alvorleg og ei av dei mest alvorlege drapssakene som har vore på mange år. Dersom dei tiltalte blir domfelt vil det truleg bli lagt ned påstand om straffar i i nærleiken av det som vart påstått i tingretten, seier Klundseter.

Det er sett av åtte veker til behandlinga av ankesaka i Eidsivating lagmannsrett.

Drapsgården i Søndre Land

På denne garden vart det med kort mellomrom funne to døde personar i januar 2008.

Foto: Rannveig Urdahl / NRK

Flere saker fra Innlandet