Hopp til innhold

Desse vil bli rektor ved Høgskulen i Innlandet

Sju søknader har komme inn på jobben som rektor ved Høgskulen i Innlandet. Leiar av utvalet for tilsetting håpar å ha tilsett ny rektor innan påske.

Kathrine Skretting

REKTOR: Kathrine Skretting som var rektor ved Høgskulen i Lillehammer konkurrerer med seks andre om jobben.

Foto: arne sørenes / nrk

– Det er flott at sju har søkt. Dette er ein spennande og viktig jobb, seier Elin Nesje Vestli som er leiar av utvalet for tilsetting og styreleiar ved høgskulen.

Ho er ikkje overraska over mengda, og seier det er om lag så mange søkarar det er mogleg å vente til ein slik jobb. No blir det ein prosess med vurdering av søkarane og intervju. Målet er å ha tilsett den nye rektoren før påske, men det kan ta noko lengre tid, fortel Nesje Vestli.

I tillegg til dei sju søkarane har høgskulen engasjert eit rekrutteringsbyrå for å få så mange kandidatar å velje mellom som mogleg.

Desse har søkt:

  • Stephen Dobson (54), Dean and Head of School of Education, Australia
  • Thorbjørn Johan Gaarder (61), Chief credit officer, Oslo
  • Fred Håkon Johnsen (60), Head of Department of Agricultural Sciences
  • Mann (unntatt offentlegheit)
  • Laurits T. Rasmussen (35), Danmark
  • Kathrine Skretting (63), rektor, Tiller
  • Peer Jacob Svenkerud (51), dekan avdeling for økonomi- og leiingsfag, Heradsbygd

Anna Linnea Ottosen er fungerande rektor for Høgskulen i Innlandet no, men har ikkje søkt på jobben. Ho seier seg nøgd etter ni år i leiinga ved Høgskulen i Hedmark.

– Vi har hatt ei god utvikling på dei ni åra eg har vore i leiinga, og har fått i land ein fusjon som vi har jobba lenge med, så eg tenkte dette var eit naturleg tidspunkt for meg å gjere ei vurdering om eg skulle halde fram eller ikkje, seier Anna Linnea Ottosen.

Anna Ottosen

SØKTE IKKJE: Anna Linnea Ottosen fungerer i dag som rektor for høgskulen, men har ikkje søkt på jobben vidare.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Flere saker fra Innlandet