Hopp til innhold

Demonstrasjon mot kutt

Kutt, kutt, kutt, nå er det slutt. Slagorda runga i gatene i Lillehammer i ettermiddag, da mange hundre personar protesterte mot kutt i skole og sjukeheim.

demonstrasjon lillehammer
Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Kommunen skal spara 50 millionar kroner, og blant anna er det foreslått å kutte 9 stillingar på Lillehammer sykehjem og opp mot 20 stillingar i skolen.

Dette har ført til protestar frå dei som blir ramma av kutta.

Stort engasjement

Oppmøtet vitna om stort engasjement rundt budsjettbehandlinga i kommunestyret. Foreldre, lærarar, barnehagetilsette, folk i sjukepleierforbundet og fagforbundet fylte Lilletorget og Storgata.

"Kutt ut kutt" var det store slagordet. For dei planlagte kutta vil ramme hardt, meiner Cecilie Andersen, hovudtillitsvald i Lillehammer kommune.

- Kutta kjem i tillegg til vikarstoppen, og det er ikkje fagleg mogleg å gjennomføre dei, seier Andersen.

Dei tilsette må springe enda raskare og sjukefråveret vil auke, meiner ho.

- Dersom vi tar ein barnehage, vil kutta føre til at det blir så få folk at drifta ikkje lenger er forsvarleg. I verste fall må Arbeidstilsynet da gå inn og stengje arbeidsplassen, seier Andersen.

Underbemanning

NRK Hedmark og Oppland sette for eit par veker søkelyset på tilstanden ved sjukeheimen. Dei slit med underbemanning og meiner dei ikkje kan gje pasientane den omsorga dei har krav på. Nå har Helsetilsynet oppretta tilsynssak.

Det er det kommunale foreldreutvalet og fleire andre organisasjonar som arrangerte demonstrasjonstoget mot dei foreslåtte kutta.

Flere saker fra Innlandet