Hopp til innhold

Delt om felles kommune

LESJA (NRK): Medan lesjingane sa eit klårt NEI til ei felles Lesja-Dovre kommune, var naboane positive. Med knapp margin vart det JA-fleirtal i Dovre.

Skal telle stemmer i Lesja

I Lesja var valdeltakinga på nær 70 prosent.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

I Dovre vart det ei svært spanande folkerøysting om kommunen skulle gå saman med naboen Lesja. Førehandsstemmene synte eit klårt nei-fleirtal, men når valdagen kom vart det til slutt jafolket som sigra.

50,7 prosent av døvringane ville ha ei felles Lesja-Dovre kommune. 47,9 svara nei.

Under halvparten av innbyggjarane i Dovre valde å bruke stemmeretten sin.

Valdeltakinga enda på 46,7 prosent.

Eit rungande nei

Det hjelpte ikkje at ordføraren gjekk føre og sa JA til å samle Dovre og Lesja til ei felles kommune.

Lesjingane ville ikkje ha Lesja-Dovre.

75,94 stemde nei og 23,17 sa ja.

Valdeltakinga i Lesja var stor. Nær 7 av 10 lesjingar over 16 år valde å si meining.

Også da førehandsstemmene var talde viste dei at 78 prosent i Lesja sa nei, medan 21 ynskte ei kommune saman med Dovre.

I Dovre var det jamnare der 52,1 sa nei, medan 46,9 villa ha Lesja-Dovre.

Resultatet vart eit klårt NEI i Lesja, medan folk i Dovre sa JA.

Sp-ordførarar seier JA til felles kommune

Ordførarane i dei to kommunane har sagt tydeleg ja. Dei har vore positive frå starten. At dei representerer nei-partiet Senterpartiet er inga hindring.

mariann skotte

Lesjaordførar Mariann Skotte ville helst hatt ei felles kommune.

Foto: Lesja kommune

– Vi har så mykje til felles, seier Mariann Skotte som er ordførar i Lesja, og understrekar at dei allereie har mykje samarbeid.

Dei to kommunane har også like utfordringar med nedgang i innbyggjartalet. Ho meiner at dei lettare kunne stått imot ei ytterlegare sentralisering ved å stå saman.

Folket vi trefte ved stemmeurna rett før vallokalet stengde var delte. Men det viste seg at i Lesja enda fleirtalet på nei.

Vi spør folk i Lesja om hva de har stemt.

Slik stemde lesjingane i vallokalet i dag.

Flere saker fra Innlandet