Hopp til innhold

Dei trenar seg sterkare for ikkje å falle

FAGERNES (NRK): Frivilligsentralen i Nord-Aurdal kommune i Valdres tilbyr fallførebyggande trening for dei eldre i kommunen. Dei merkar godt resultat.

Eldre får fallførebyggande trening i Nord-Aurdal

STYRKE OG BALANSE: Dei trenar musklane i heile kroppen og utfordrar balansen sin. FOTO/REDIGERING: Marte Iren Noreng Trøen.

– Du er sterkare i kroppen og kjenner at du meistrar gåing og slik. Om det er litt glatt så kjenner eg at dette greier eg, seier Laila Hagen.

Ho deltek på treninga som skal gi henne betre balanse og hindre at ho fell og skadar seg. Ho oppdaga i fjor vinter at ho hadde hatt framgang då ho sklei på glattisen.

– Eg greidde å bøye meg langt fram før eg datt over ende. Det gjekk utruleg bra og det trur eg er takket vere dei øvingane vi gjer her, seier Hagen.

Laila Hagen

TRYGGARE: Laila Hagen kjenner seg tryggare etter ho starta på treninga.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Fare for fall hos eldre

Instruktøren er fysioterapeut Kristi Westerbø, som deler ansvaret med tre andre. Ho fortel at sjansen for å falle er på om lag 30 % når ein er over 65 år, og heile 50 % blant dei over 80 år. Dei håpar å få ned tala i kommunen med treningstilbodet ein gong i veka.

– For å førebygge fall er det viktig at øvingane går på både styrke og balanse. Ved å utfordre balansen vil du lettare greie daglege funksjonar der det er typisk at fall skjer, seier fysioterapeut Kristi Westerbø.

Om lag halvparten av alle fall skjer i og i nærleiken av heimen. Gruppa trenar blant anna på å reise og sette seg frå stolen og å halde balansen medan dei ser i taket og til sida.

Fysioterapeut Kristi Westerbø

STYRKE: Kristi Westerbø utfører ein av styrkeøvingane som dei eldre trenar på for å førebygge fall.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Det er litt sosialt attpåtil

Asbjørn Enget

SOSIALT: Asbjørn Enget meiner han har blitt sterkare av treninga på frivilligsentralen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Asbjørn Enget er ein av dei få mannfolka som deltek på trening. Han bur på ei bratt tomt, og seier han har godt av treninga for å greie plenklippinga til sommaren. Å ha moglegheita til å trene der saman med andre, set han stor pris på.

– Det betyr veldig mykje. Du får trent også er det sosialt. Også er eg med på lunsj her etterpå, seier Enget.

Flere saker fra Innlandet