Dårlege signal

Vågåordføraren meiner vedtaket i Sjukehuset Innlandet om ny ambulanseplan gjev dårlege signal til distrikta. Dette kan ikkje vi som folkevalde politikarar roleg sjå på, seier han.

Ambulanse
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Den nye ambulanseplanen for Sjukehuset Innlandet vart einstemmig vedtatt av styret onsdag.

Vedtaket inneber mellom anna at ambulansane som i dag er stasjonerte i Lesja, Skjåk og Vågå, ikkje lenger skal vera der.

Dette er dårlege signal til distrikta, seier Vågåordførar Rune Øygard.

- Styret veit ikkje kva dei gjer, dei byggjer vedtaket sitt på feil føresetnadar, seier Øygard. - Her tenkjer dei ikkje på beredskap, utrykningstid og tryggleik. Dette gjev distrikts-Norge heilt andre signal enn dei vi treng.

Øygard er opprørt, men seier dei berre får ta vedtaket til etterretning. Nå startar det politiske arbeidet, og så får vi sjå korleis det endar, seier han.

- Vedtaket inneber at innbyggjarane ikkje lenger kjenner seg trygge, og det kan ikkje vi som folkevalde sitja roleg og sjå på.