NRK Meny
Normal

Danske-kø på sjukehuset

Vinterferien skapar køar av danskar på sjukehusa. Fleire enn 30 skituristar innlagt på sjukehus på Lillehammer i helga.

Blir gipsa etter beinbrot.
Foto: Berit Keilen / Scanpix

Skadde vinterferie-turistar skapar nå unntakstilstand på sjukehuset på Lillehammer. I helga vart fleire enn 30 skituristar innlagt på sjukehuset med vridnings- eller brotskadar, og det betyr at all planlagt kirurgisk aktivitet ved sjukehuset er stoppa. Det seier avdelingssjef ved ortopedi og kirurgi på sjukehuset, Roar Rønning.

All planlagt aktivitet er stoppa

- Nå er det slik at vi har måtta stoppe all planlagt aktivitet. Vi konsentrerar oss berre om skadebehandling. Det betyr at alle kirgiske ressursar blir brukt på å handtere vinterferie-skadane, seier Rønning.

Det er kanskje ikkje så overraskande, men det er altså danskane som står for dei fleste skadane. Ifølge Rønning blir mottakinga på sjukehuset på Lillehammer forvandla til eit dansktalande område når danskane har vinterferie. Berre i løpet av den siste helga vart fleire enn 30 pasientar lagt inn med skiskadar.

Nordmenn blir alvorlegare skadd

Men rett skal vera rett; også nordmenn blir skadd på ski. Ikkje så mange som danskane, men til gjengjeld får nordmennene ofte alvorlegare skadar enn danskane. Nordmenn køyrer ofte med større fart og risiko enn danskane, så medan danskane får vridningar ender nordmennene gjerne opp med brotskadar.