Den største dansefestivalen i landet blir denne veka arrangert for 14. gong på Jørundgard i Sel i Gudbrandsdalen. I strålande ver strøymer danseglade til frå heile landet, mest for å danse, men og for å få åndeleg påfyll.
– Eg blir nesten satt ut av det store oppmøtet, seier primus motor for dansefestivalen, Øystein Ulen. No har vi hatt gudsteneste i fire eller fem år , og stadig fleire møter opp. Det viser at folk har behov for meir enn dans og moro.
Biskop på dansefestival
Tidlegare Oslo-biskop Andreas Aarflot preika i går for nesten tre tusen danseglade i Storteltet midt på festivalområdet på Jørundgard. Han var både glad og overraska over den store dansemenigheten.
– Det var imponerande å sjå heile teltet fullt av folk. Og dei var verkeleg med på notane i tillegg.
Den pensjonerte biskopen trur likevel ikkje at dansefolket har større behov for eit gudsord med på vegen enn folk flest.
– I likhet med alle menneske har dei behov for Guds ord. Dei som er her har både livs- og danseglede, og vi som ikkje akkurat frekventerar dansefestivalar, har også trong for Jesu nærvær i liva våre.
Aarflot synest det er bra at det ikkje lenger er noko motsetning mellom gudstru og danseglede, og seier at kyrkja over tid har endra syn på dans frå synd til ein naturleg del av livet.
–Men det var vel heller ikkje dansen i seg sjølv, men det som fulgte med, ein tidlegare hadde innvendingar i mot.
Glissent då Sputnik spela
Berre eit titals danseglade par fann vegen til parketten då den tidlegare kassettkongen Sputnik baud opp til dans etter gudstenesta i går ettermiddag. På utsida av dansegolvet snakka vi med ein gjeng sunnmøringar og romsdalingar som heller tok seg ein halvliter eller tre, for å lade opp til det dei meinte var kveldens høgdepunkt.
– Lasse Stefanz og Anne Nørsti. Det blir skikkeleg bra, meinte Geir Varhol og Karstein Bøe. –Og Sputnik er litt bra han og, la Sonja Malme til. Han er iallefal flink til å lage liv!